20090514-250-kirka017Kirkeorgelet har gått gjennom ei totalrenovering og er no bedre å spele på og har bedre lyd enn på lenge. Det er to karar frå Jehmlich Orgelfabrikk i Dresden som på oppdrag fra Kinn Kyrkelege Fellersråd har utført arbeidet.

Kirkeorgelet vart bygd i Oslo av Olsen og Jørgensen i 1898 og stod først i Eid kirke. I 1960 vart det flytta til Eikefjord kirke og ombygd for galleriet der det står idag.

Orgelet her mekanisk overføring frå tangentane og fram til der ein slepp luft inn på pipene. Denne overføringa var begynt å slarke, men har no fått ei overhaling slik at det følast mykje meir presist å spele på.
Alle pipene har vore ut og blitt skikkeleg reingjordt. Det er ikkje tak over pipene så det  var mykje skit inni. Det blei her brukt heilt frå spesielle "flaske"kostar og ned til piperens. Enkelte av pipene blei også lodda.

20090514-500-kirka011

Når dei blei sett tilbake er det foretatt justering slik at pipene laga tonen på riktig måte og karakteren på tonen også blir riktig. Dette kan samanliknast med når man bles på flaske og justerer munnen slik at ein får ein fin tone.
Til slutt foretok dei to tyske arbeidarane stemming av orgelet.

20090514-515-kirka014

Det var Pascal Rotman som var fagmann i renoveringsarbeidet. Med seg hadde han Marc Ohlefeld på det 10 dagers lange oppdraget i Eikefjord. Det vart lange arbeidsdager med arbeid fram til 9 - 10 tida om kvelden for å komme i mål.
Arbeidet er stort sett finansiert gjennom Riksantikvaren, men det gjekk litt meir timer enn beregna så Fellesrådet må nok samle inn litt for å dekke dei få tusen kronene med overskriding.

Organist Lisbeth Sætre Hovland som har følgt arbeidet tett opp merkar stor forskjel på orgelet. Det er bedre og spele på og lyden er klarare. Lyden er også fyldigare og sterkare,.

Møt opp på 17. mai og høyr om du har eit så godt muskikals øyre at du høyrer forskjel.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2