Eikefjord er i flytsona for tida og Bremanger som kom til serieleiaren Eikefjord for å berge poeng for å unngå nedrykk reiste heim med tap.

Det stod 1-0 til pause i ein kamp det Eikefjord hadde ballen svært mykje, medan Bremanger prøvde å ligge kompakt defensivt og slå tilbake på kontringar. Eikefjord-laget er stinne av sjølvtillit og har vunne kampar med kalassiffer siste tida. Det greidde dei ikkje denne gongen, men sikra seg eit mål nummer to i andre omgang.- Vi har spelt gode kampar i det siste og lykkast med offensivt spel.

Vi prøver å utvikle eit kreativt spel langs bakken og spele fin fotball. Målet er opprykk i år eller til neste år. Det er god stemning i gruppa og best av alt; det er mykje treningsvillige folk på treningane, seier Eikefjord-trenar Trond Ukkas Olsen til Firdaposten.

Les meir i Firdaposten