Sommaren er bak oss og haustmørket er over oss, like overraskande som kvart einaste år. Utruleg mange både barn, ungdommar og voksne ser tydlegvis godt i mørket, men dei stakkars bilistane sit på nåler bak rattet og håper at det ikkje er han som er uheldig og treff ein usynlig fotgjengar eller syklist.

VER SÅ SNILL OG GJER DEG SYNLEG I TRAFIKKEN.

Refleks og lys hjelp. Foreldre, trenarar og andre - pass på dei håpefulle, vi har ingen å miste i ei tragisk ulykke.