Det vert felles avslutning  for heile idrettslaget i Allhuset laurdag 26 oktober kl 20.00.

Det betyr at fotballen –ski –friidrett-basket-styrke + supportarar og andre i bygda er hjarteleg velkomne på same festen.

Dette vert kjekt, ta med deg danseskoa dine, din betre halvdel, vener og kjære og bli med du og! Det vert til dømes utdeling av vanlege og uvanlege prisar før det vert servering god mat. Etter maten vert det levande musikk frå scena som du kan svingje deg til ut i dei nattlege timar.

No veit ein om datoen og meir info kjem når globetrottar og leiar i hovudlaget endeleg kjem heimatt frå nok ein ekspedisjon til fjerne land og strøk.