Tidlegare har styrkegruppa og Trimbua halde til i separate lokale med eigne medlemsavgifter, men no har dei fått samla alt under ein paraply.

– Vi har no fått samla alt inn under friidrettsgruppa til Eikefjord Idrettslag, som gjer det lettare for brukarane. Bygda har fått eit nytt og betre treningstilbod. Vi kan no tilby frivekter, fleire apparat, spinning, sirkeltrening, pilates, yoga med meir, seier Andre Høyset til Firdaposten.

Les meir i Firdaposten