Bøsseaksjon for sjøvettopplæring20131120-250-bosseaksjon 25.11. -01.12.2013

Redningsselskapets bøsseaksjon går til inntekt for sjøvettopplæring blandt barn og unge.
Her i bygda er det 10.klasse ved Eikefjord Barne-og ungdomsskule som skal ta deg av innsamling og dei foresatte håper at folk tar godt imot dei flotte ungdommane, og har kontanter klar!

Kvart år når Redningsselskapet over 30.000 barn og unge med viktig sjøvettbodskap, og dei beste sjøvettagentane er dei yngste. Ungane er dei flinkaste til å bruke redningsvest, og dei er også gode til å påverke dei vaksne.

30 døyr
Kvart år døyr om lag 30 personar på sjøen i samband med bruk av fritidsbåt. Dei fleste av desse er menn som ikkje brukar redningsvest. Det at barn lærer seg sjøvett, å køyre båt og tar båtførarprøva, er med på å påverke familiane deira sine haldningar. Kunnskap om sjøvett og det å bruke redningsvest er viktig lærdom som barn lærar bort. Det reddar liv.

Bøsseaksjon
Men det trengs pengar til å drive sjøvettopplæring, og Redningsselskapet har av den grunn i fleire år arrangert bøsseaksjonar. Denne veka går dei igjen rundt til husstandane, og håpar at bøssebærarane blir teke vel imot. Det er mellom anna lokale musikkoprps, idrettslag, skuleklassar og foreiningar som går rundt med bøsser, og dei får 30 prosent av det innsamla beløpet, skriv Redningsselskapet i ei pressemelding.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2