Skigruppa har nytta den milde 20140108-250-kart eikefjordvinteren godt og gjort ferdig sin del av dugnaden med turstien. Skigruppa tok på seg å lage sti frå klubbhuset og ut på Nesjane. Denne delen måtte det leggast helt ny sti, men det var ingen problem for skigruppa. Etter nokre kveldar og lørdager er no stien ferdig og det er ein fin tur ut gjennom skogen. På kartet er stien merka N-1 - N-2.

 

Også fotballgruppa, friidrettsgruppa og basketballgruppa har sine prosjekt som er delvis ferdige. Fotballgruppa er nesten ferdige med prosjektet frå vegen mot Hovlandstøylen og inn til den nye brua. Her skal det leggast meir grus på stien og ordnast med den små brua. Idrettslaget er også i tenkeboksen på kva som skal gjerast med oppstigning til brua.

Lengre inn - rett ovanfor Rasteplassen held basketballgruppa på med ein liten bit som skal binde saman stiane mot Hovlandstøylen og Eikefjordstøylen. Denne biten gjer at ein slepp å krysse riksvegen når ein tar ein rundtur i løypa.

Stien mot Eikefjordstøylen er ganske blaut rett ovanfor skogsvegen frå Rasteplassen. Her vil Statnett lage skikkeleg sti helt inn og litt forbi masta innanfor stien.

Frå dette punktet vil friidrettsgruppa lage sti ned til undergangen ovanfor Øvrebøen.

To andre har også sagt seg villige til å organisere dugnad. Lars Fraas held på med sti frå undergangen ved Øvrebøen og inn til neste undergang. Stien går på nordsida av riksvegen.
Trine Hovland vil organisere dugnad på vegen i Kvalvikedalen. Her går ein gammal veg som skal settast i bedre stand.

For dei som lurer på dugnadsarbeid er det berre å ta på seg arbeidsklær og stille opp når du sjølv finn det for godt. Avtal med ein kamerat og spa laus på sanden som er lagt ut. Undertegna kan skrive under på at dette er skikkeleg god trim. Ein times god dugnad er bedre trim enn ein tur på Hovlandstøylen eller ein time på Trimbua.

20140108-600-kart eikefjord

Ringane på kartet viser dei dugnadsprosjekta som er igang. Er du i tvil kva du skal prioritere kan du kontakte Per Endestad (91381867) som har full oversikt. Han skaffer også grus og duk om det er for lite der du jobbar.

Bli med på dugnad så du også så du kan peike på stien og seie at denne biten har eg laga. Då blir det ekstra kjekt å bruke stien.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2