No vert det bridgeklubb i Eikefjord. Ludvik Langedal, Brynjar Svardal, Bjarte Liseth, Per Endestad og Kenn Hallstensen møtast torsdag 13. november, for eit oppstartmøte. Der vart det planlagt i grove trekk korleis vi går fram.

Første offisielle spelekveld vert torsdag 4. desember kl. 18 på Inspire i Eikefjord sentrum - oppmøte kl. 17:45.

Vi ynskjer velkommen alle kortinteresserte, og det har ingenting å seie om du aldri har spelt bridge før. Vi legg nemleg opp til at dei første spelekveldane vert mest tilrettelagt for heilt ferske bridgespelarar. Det betyr at vi starter kvelden med helt grunnleggande innføring i dei elementere prinsippene innen bridge. Har du spelt amerikanar eller firemanns tvist, stiller du sterkt.

Alle nye vil verte lært opp i det samme meldesystemet, slik at vi i starten unngår unødig forvirring om kva meldingane betyr. Derfor vil vi bruke ei opplæringsbok fra Norges Bridgeforbund som utgangspunkt. Den inneheld lettforståelege forklaringar om både meldingar og spelemåtar. Boka har vi bestilt inn til ein rabattert pris, og er tilgjengelig til nettoprisen kr. 200 for alle interesserte. Kjøpast hos Kenn Hallstensen, som har kontorlokale i det gamle bakeriet, eller du kan kjøpe den på Inspire.

Det er lurt at nye, interesserte spelarar leser igjennom denne boka før første spelekveld/samling, men det er absolutt ikkje eit krav. Boka er også god å ha som oppslagsverk når man er kommet i gang med å spele bridge.

Om nokon måtte vere i tvil, vil spelekveldane vere totalt fri for alkohol. Dette gjer at vi og gjerne vil ha med kortinteresserte tenåringar fra 13-14 år og oppover. Bridge foregår i utgangspunktet ved at to og to partnerar spelar saman heile kvelden. Derfor er mogeleg å få med seg ein spelepartner allereie før spelekvelden. Kva med å få med bestekameraten, -venninna eller kanskje ektefelle/sambuar? Kjem du åleine, vil vi sjølvsagt hjelpe deg å finne ein partnar der og då.

Det vil verte mogeleg å få kjøpt kaffe, brus, vann og noko å bite i, for dei som måtte ynskje det.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2