Eikefjord Grendalag har tatt initiativ til å få bygd ut fibernett i Eikefjord. Det er potisient 252 kundar i  området som er tenkt bygd ut, deriblandt skule, barnehage og omsorgsbustadane.

I denne forbindelse søkte Grendalaget om 500 000.- i støtte frå Flora kommune. Denne saka var oppe i bystyret i forige veke. Ingvar Torsvik Myrvollen som var representant på dette møtet melder at søknaden gjekk samstemt gjennom i bystyret.

Område som vil kunne få fiber med denne utbygginga er Nesjane, Kvalvika, Kvalvikdalen, Hovland, Hamna, Eikefjord sentrum, C-feltet, Knappstadbakken, Sørbøen, Storevika og Sunnarvik.

Vurderingane til administrasjonen:

Flora kommune har pr. d.d. utfordringar i Eikefjorden grunna at offentlige som skule og barnehage ikkje har tilstrekkelig tilgang til internett. For Flora kommune er dette ein investering. Kommunen hadde likevel på eit seinare tidspunkt måtte tilretteleggje/ investere i breiband til offentlig eigedom i Eikefjorden.
I utgangspunktet er dette eit tilskot, men kommunen set som kriteria å vere medeigar av ein del av etableringa. Dette kan for eksempel vere trekkerør i bakken, dvs. kommunen har eigarinteresse i delar av anlegget. På eit slikt grunnlag kan Flora kommune gå inn med investeringsmiddlar på kr. 500 000, - og innvilge søknaden.

Om kommunen ikkje eig noko av anlegget må prosjektet dekkjast av driftsmiddlar