17. mai feiringa i Eikefjord 20160517 8andeklassegjekk etter same skjema som tidlegare år. Vekking av salutt kl 7.00 ved Audun Ramsdal. Det er då god tid til å få i seg frukost, heise flagget og iføre seg finstasen før oppmøte, i år på Allhuset.

Etter speling av skulemusikken ga dagens konfransier, Leni Endestad ordet til 8. klasse som heldt tale for barna. Flinke elever med godt budskap og klar røyst.

Barna i 4. og 5. klasse heldt fram med spel på blokkfløyte.
20160517 4 5klasse

Så var det oppstilling i barnetoget. I år gjekk det rundt Inspire i sentrum før toget gjekk opp til Omsorgsbustadane.
20160517 barnetog

Ved minnestøtta minna Reidar Høyseth oss på at nokon betalte ein høg pris for freden i 1945 og for Andreas Hesjedal sin del i vakthaldet rett etter krigen.
20160517 minnestotta

Dagens hovedtaler var ordførar Ola Teigen. Han meinte at 2016 var eit spesielt år for Eikefjord. Snart er banehagen utvida og ferdig rehabiliter, ny skule er opna og på slutten av året opnar storhallen. Skal Flora kommune greie seg i framtida må ein lære av eikefjordingane - sette seg skyhøge mål og greie å gjennomføre dei.
20160517 teigen

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2