Sommar betyr leir på Teigen. 20160526 300 teigenLeir kan by på mange kjekke opplevingar saman med nye og gamle vener og flotte leiarar.

Teigen leirstad ligg i Eikefjord i Sunnfjord. Uteområdet er prega av vakker natur og mange moglegheiter. Teigen ligg idyllisk til, heilt i sjøkanten. Her er badeplass og stupetårn, og vi har robåtar, kanoar og rikeleg med redningsvestar. Vi har store plenareal, ei fotballbane, volleyballbane, bålplass, steinkapell og mykje meir.

Vi gler oss til festlege aktivitetar og sprell, til god mat, zipline, bading, biljard, bordtennis, volleyball og fotball. Vi gler oss til å lære meir om Jesus og høyre historier frå Bibelen. Ikkje minst gler vi oss til kjekke deltakarar og leiarar!

Kanskje har du vore med på leir før, eller kanskje er dette heilt nytt for deg? Du er uansett hjertelig velkomen, og vi håper akkurat du vil vere med. Velkomen til leir på Teigen!

20160526 600 teigen bad

Denne sommaren arrangerer Acta – barn og unge i Normisjon to leirar på Teigen:  

Amigosleir

24.-26. juni / 1.-5. klasse / 670,-

Tweensleir

30. juni – 3. juli / 4.-7. klasse / 825,-

Påmelding gjer du helst via normisjon.no/sof
Velg påmelding i eiga fane.

Du kan også sende ein e-post til [email protected] eller ringe oss på 57 86 63 49 / 48 99 23 42.
Frist for påmelding er 7 dagar før leirstart, men meld dykk gjerne på i god tid.
Påmelding etter fristen vert 100,- i tillegg på prisen.

20160526 600 teigen