Berre 17 år gammal, er Håvard TonheimHaavard Tonheim tidenes yngste fylkesmeister i elgbane.

Det var i Kråkenesmarka i Førde at FM i elgbane blei avvikla laurdag 21. mai. Der venta standardprogrammet på deltakarane, nemleg fem skot sittande mot elgfiguren, fem ståande – og deretter det mest krevjande: Å treffe blink med ti skot når elgen beveger seg i stor fart på ei skinne på tvers av deg, hundre meter unna.

– Eg skaut eit bra grunnlag, med 97 av 100 poeng. I finalen tapte eg litt mot konkurrenten min, så vi stod likt og måtte ha omskyting. Men omskytinga vann eg – med eitt poeng, seier Håvard nøgd til Firdaposten.

Trent mykje hagle

Det er ikkje berre den unge alderen som gjer sigeren litt spesiell. Håvard har nemleg ikkje skote meir enn eit hundretals treningsskot, sidan skytebana på Grovastøylen fekk elgbanetrekk berre for eit drykt halvår sidan.

Og frå no av, med eiga elgbaneanlegg berre ti minuttars køyring heimefrå, så bør konkurrentane frykte den unge eikefjordingen i åra framover.

Les meir i Firdaposten