Vi gler oss til å ta imot dåkke på In-spire, og kan i år tilby varm mat i teltet på parkeringsplassen. På grillen vil du finne In-spire sin heimelaga hamburger, med stekt Siliana og smelta ost, med tilbehør, i tillegg til ein grilla svinefilet med brokkolisalat og olja potetsalat, samt krema fiskesuppe med laks, torsk og reker, servert med brø til.

I kafeen finn du kalde rettar, kaker, salatar og smørbrød. Kaffi, te og varm sjokolade. Vi har begge dagar pølsehorn og prinsesseboller både ute og inne. Vi har ammerom, med plass til en liten familie.

Ute styrer jentene ein eigen Softice og Milkshakebar!

FREDAG og LAURDAG kveld har vi buffet med reker, salat, foccatia, og tilbehør, frå klokka 19 -21.30. Tappekraner fra Kinn Bryggeri står klar, og vil du sikre deg plass kan du gjere det med ein SMS på 95152023.  

Sjå etter tlbud og konkurransar i butikken, både salg og nyheter!

Velkommen!