20160913 250 gangveg

Tirsdag kveld var det kalla inn til oppstartmøte for gang/sykkelveg frå skulen til Kvalvik. Det er Flora Kommune ved Phillip Sandberg og Anders Espeseth som orienterte om prosjektet der ein skal planlegge gang/sykkelveg frå skulen til Kvalvik.

Prosjektet har ei tidsramme på to år. Leder i Grendalaget, Brigt Samdal meinte dette var for lang tid. Prosjetet må være så klart at det er med i budsjettmøtet i desember neste år. Om ikkje vil ein miste eit heilt år.

Standard for eit prosjekt med den trafikkmengda som er på Hovlandsvegen er vegbane på 8-10 meter + fortau på begge sider. Det er ikkje nok plass på inste Hovland til dette så kommunen vil prøve å få godkjent veg med fortau på ei side med totalbredde på 10,5 meter. Prosjektet vil komme inn på dei fleste eiendommane langs vegen og kommunen er avhengig av god kommunikasjon med grunneigarane. Andre aktører som kommunen vil ha med er SFE og Telenor for å få kabler ned i grunnen. Vann og kloakk vil også være med å finansiere prosjektet. Fylket som er eigar av vegen må sjølvsagt også være med.

Ut på våren gjer Flora kommune med at dei kan presentere eit utkast for bebuarane langs vegen. Det er ikkje berre å tegne ein gangveg langs eksisterane veg. Her må vegstandarden opp og dei menge avkjørslene lang vegen vil bli samla i størst muleg grad.
Dei vil då kalle inn til møte der kvar enkelt grunneigar.