20170401 250 basketgutarBasket gruppa fekk spele sine siste heimekamper denne sesongen på heimebane for første gang sidan dei starta opp. Gutelaget fekk æra av å spele den første offisielle kampen i hallen. Heimearena har vore i Svelgen i 8-9 år.

Dag Nybø kunne stolt annonsere opninga av kampen og presentere spelarane som skulle i aksjon. Kampen enda 69-59 til Ytterbygd.

 

Her er alle spelarane som fekk spele den, for oss eikefjordingar, historiske kampen. Endeleg er vi i eige hus.
20170401 600 basketgutar

Tre av Eikefjord spelarane er tatt ut til landslagssamling i Arendal. Kristoffer Sætre og Jonas Hovden skal representere Eikefjord på gutesamlinga. Hanne Nybø, som spelar med gutane i Eikefjorddrakta, skal også på samlinga i Arendal. Dette er for jenter 15 år, til helga skal ho på landlagssamling for jenter 16 år.

Også seniorane hadde kamp mot Ytterbygd. Også her tapte Eikefjord med ti poeng, 52 - 62. Vi er for lite samspelt, samtidig som vi slit med skader og nokre som ikkje kunne stille denne helga, seier Dag til Eikefjord.net. Seniorlaget er primært for å gi dei eldste gutane eit tilbud når dei kjem over guteklassen. No rykker laget ned ein divisjon og det er heilt greitt, seier Dag vidare.
20170401 600 volleysenior

Halldekket har vore ein snakkis i Eikefjord sidan det vart bestemt at den skulle byggast. Banedekket som er lagt fekk mykje skryt av spelarane. Meget god respons og det var ikkje problem med spretten i ballen.

Også publikum møtte fram til denne historiske begivenheten i Eikefjord.
20170401 600 hallenpublikum

PS. Skulen har også fått tatt i bruk hallen. Første gym.time inne var på mandag den 27/3.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2