DagturhytteSognogFjordaneFlora kommune har fått ei dagsturhytte i gåve frå Sparebankstiftinga.
- Vi har funne ei plassering på veg opp mot Hatlesetnipa. Alle formalitetane er førebels ikkje på plass, men vi har ein positiv dialog med grunneigaren, og vi har tru på at alt kjem til å gå i boks, seier Margit Drivenes Kløvfjell i Flora kommune til Firdaposten.

Det er snakk om ei hytte på om lag 15 kvadratmeter. 200.000 kroner kjem frå spelemidlar, 200.000 frå momsrefusjon og 200.000 i gåvemidlar frå banken.

- Viss alt går etter planen, vil hytta kome på plass i løpet av året, seier Margit Drivenes Kløvfjell i kommunen. - Hytta skal kunne brukast året rundt, men det er ei enkel hytte utan varmekjelder og straum, så folk er avhengige av dagslys.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2