20170429 300 eikefjordstoylenDet er merka ny sti mellom Eikefjordstøylen og Knapstadstølen. Stien går høgre oppe i terrenget enn den gamle stien og er mykje tørrare enn den stien som går lengre nede i terrenget. Det er også laga flytebru over den første våte myra ved tEikefjord.

På bildet ser du Eikefjordstøylen på den kvite flekken litt til høgre for midten av bildet.

I morgon søndag 30/4 blir det guida tur på stien. Turen går frå Eikefjordstøylen kl 11 og går inn til Knapstadstøylen. Derfrå går turen ned Kyraråkja mot Knapstad. På Kvile går vi utover Langelia, den eldste ferdselsåra frå Løkkebø mot Eikefjord. Turen ender på Rasteplassen.

Turen er merka med røde merker. Frå Eikefjordstøylen går den oppover i terrenget på nokre hamrelag. Her er det bratt utfor, men ikkje vanskeleg å gå. På grunn av dette vil turen bli merka som svart løype. Ein må også over elva når ein kjem ned igjen mot den andre stien som er merka mellom støylane.
Returen frå Knapstadstøylen går i vått terreng.

God tur

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2