20170511 300 hallenEndeleg er den offisielt opna. Hallen som karikaturtegnaren kalla "Royal Brigt Hall" vart opna med ei flott markering i hallen på torsdag.

Brigt Samdal fekk ståande applaus for sin innsats. Det fekk også Inge Helge og Alex Vassbotn. Dei gjekk på scena og la 700 000 kroner i potten. Når vi veit dei har gitt 500 000 før dette er det berre enormt. Det skal mykje hjertevarme til for å støtte bygda med slike summar. Takk til hele familia.

Opninga starta med sang av første til sjuande klasse. På flott vis framførte dei den nye farsotten "Vestland" frå scena.20170511 600 elever

Brigt Samdal tok så over og førte arrangementet trygt vidare. Han starta med ei oppsummering frå dei første ønske om storhall for fleire 10-år tilbake, via "hallelujamøte" og pengeinnsamling til flaggdagen 17. mars der bystyret enstemmig vedtok hallen.
Han takka alle som har gjordt drømmen om til hallen vi kunne være med å opne denne dagen. Ikkje minst alle som har gitt små og store beløp slik at Flora kommune "måtte" vedta å bygge hallen. Vanskeleg å trekke fram ein person, men Per Øyvind Sørbø med sitt store nettverk og energisk jobbing var helt avgjerande for at hallen står der idag.

Rektor Heidi Humlestøl Aasen som kunne fortelle om elevar som no slapp gym ut i slaps og kuling. No kan dei være inne i denne fantastiske hallen.
Kristen Steger Breisnes som leder idrettslaget som fyller 50 år i år. Dette blir ein ny æra for idrettslaget. Lat oss fylle det med aktivitet for heile bygda.
Lars Osland frå entrepenøren Skanska drog fram kor viktig det var å finne kunden sin kunde. Han fant ei helt unik bygd full av optimisme og pågangsmot, Flora kommune skal være stolt av Eikefjordsamfunnet. Han drog også fram det gode samarbeidet dei har hatt med Grendalaget, skulen og kommunen. Han avslutta med å gi 50 000 til utstyr i hallen.
Sparebanken Sogn og Fjordane var sentral når bygda ga garanti til Flora Kommune før vedtaket om bygging. Arthur Førde gratulerte bygda på vegne av banken.

Så entra Møna Ødegård Standal scena. Ho sette ord på kor viktig Brigt Samdal har vore i prosessen frå ideen om storhall fram til ferdig hall. Ho overrekte karikaturtegninga "Royal Brigt Hall" til ein rørt Brigt og til ståande applaus i salen.
20170511 600 brigt

Så kom Alex og Inge Helge Vassbotn på scena. Sjølv om vi kjem frå ei lita bygd litt lengre ute er vi veldig avhengige av Eikefjord. Vi syns det er dårleg å starte med stor gjeld så vi sletter gjelda på 700 000. Folk må riste litt på hodet - hørte vi det vi hørte. Så reiser alle seg og gir ein varm applaus til Vassbotn familia.
20170511 600 vassbotn

Så var det ordførar Ola Teigen sin tur. Dokke har virkeleg fortjent denne storstua som vi opnar idag. Lat det bli fleire slike gode arrangement her.
Så var det tid for snorklipping. Elevane hadde fått eit lodd kvar og Mali Agledal var den heldige som fekk saksa i handa.
20170511 600 opningMed idrettslaget, ungdomslaget, Grendalag og ordførar klipte Mali snora og ordførar Ola Teigen kunne erklære Hallen for opna.

Brigt avslutta frå scena med desse orda:

VI KAN OG VI VIL

OG VI FEKK DET TIL

Deretter var det kakebord og kaffi. 20170511 600 kake

Til slutt fekk dei som ville ein guida tur i den nye storstua i bygda.

Vi må berre få lov å gratulere oss sjølv med eit strålande flott bygg.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2