Trenar du med Eikefjord friidrett i Trimbua? Er du eller familiemedlemene dine aktive i nokon andre av Eikefjord idrettslag sine aktivitetstilbod? Er de registrert i Min idrett?

Noregs Idrettsforbund har nye føringar for økonomisk støtte til idrettslaga. EIL treng difor at samtlege medlemer registrerer seg i Min idrett (minidrett.nif.no), og legg til kva idrettsgreiner de er med i.

Fleire har vore usikker på korleis ein registrerer seg – her er prosessen steg for steg:

1) Gå til https://minidrett.nif.no

2) Trykk på ”Ny bruker”

3) Registrer deg.

Om du ikkje skal registrere fleire enn deg sjølv, gå til pkt 6)

Som vaksen kan du fungere som kontaktperson, og registrere heile familien:

4) Når du er logga inn: klikk på ”Legg til familie”, og ”Nytt familiemedlem”

5) Registrer borna som skal vere aktiv i nokon Noregs idrettsforbund sine tilbod

6) Klikk på fana for ”Medlemskap”, og gå vidare til ”Finn ny klubb”

7) Søk ”Eikefjord idrettslag”

8) Klikk på ”Eikefjord idrettslag” på resultat som kjem opp

9) Klikk av på dei idrettane kvart enkelt familiemedlem skal vere med på.

Dersom barnet skal vere med på tysdagstreningane til EIL Friidrett, klikk ”Friidrett på bane”.

Hugs også å registrere barnet i eventuelle andre greiner det er med på i EIL (Basketball, Fotball, Ski, eller Skiskyting. Handball vil kome til. Volleyball vil truleg bli tilbode frå Florø Turn og Idrettsforening i første omgang).

10) Trykk ”Send søknad”

11) Dei vaksne av dykk som ynskjer medlemsskap (vidare) i Trimbua, skal registrere dykk på same måte (pkt 6-10) ved å klikke på ”Friidrett på bane”. Om du er aktiv i fleire andre idrettsgreiner, registrerer du desse også.

Ein del har opplevd å få feilmelding når dei fyrst registrerer kontoen. Gå ut av sida, og forsøk å logge inn med informasjonen du nettopp har lagt inn når du kjem attende, så er du truleg registrert likevel.

Om du framleis får feilmelding, kan du logge deg inn ved å legge grunninformasjonen inn att i ”Ny bruker” – då kjem du vanlegvis inn på kontoen din (du må kanskje krysse av for at du er deg), og kan registrere vidare.

Lukke til!