Jentene som Hans Endestad trener skal spele kamper om KM tittelen. Dei to motstandarane er Selje/Flatraket frå Nordfjord og Lærdal frå Sogn. Lærdal slo Selje/Flatraket 8-1 på lørdag og neste kamp er på Eikefjord stadion.

Kampen blir spelt onsdag 1/11 kl 17.45 og motstandar er Selje/Flatraket.

Vinn dei denne kampen blir det rein KM-finale mot Lærdal på søndag.

Som ei ekstra gulrot har Hans lovd jentene at dei skal få klippe og ta sjegget hans dersom dei vinn KM-tittelen. Vil du atter sjå ein velstelt Hans må du stille opp og heie fram jentene.