20171105 opning 250I dag hadde Friidrettsgruppa æra å innvitere til offisiell opning av Eikefjord Treningssenter. I andre etasje i fleirbrukshallen er det innreda rom for styrketrening og eit rom med spinningsykler. I styrkerommet er godt utstyrt med forskjellige apparater for styrketrening i tillegg til romaskiner, stakemaskin og tredemøller. Heile stasen haar kosta omkring ein halv million. Dette er finansiert gjennom dugnad på styrke-VM, kontraktsfesta i byggekontrakta til kommunen. I tillegg har friidrettsgruppa tømt kontoen sin.

Roald Leivstad frå kommunen klipte snora.

I 1995 starta arbeidet med styrkerom ved utgraving av ein blindkjellar på gamleskulen. Spade etter spade, trillebår for trillebår, tok Odd Asle Endestad og Asbjørn Vågane ledelsen og laga styrkerom. Eit rom som vart brukt fram til 2013.

Med Hanne Lid i front oppretta ein treningsstudio på Langedalsbua med tredemøller, spinningsyklar og tilbod om saltimar. Grendalaget hjelpte til med finansieringa, og dermed kunne ein kjøpe inn ein del utstyr til treningsstudioet.

Så i 2013, for fire år sidan, flytta dei både styrke- og kondisjonstrening inn i gamle Havn Trevarefabrikk. Her var det plass til både styrkerom og halltimer.

No er endeleg eit nytt studio klar i nyehallen. Flotte rom spekka med utstyr og kjekke trenere som hjelper. I hallen er det step, pilates og aerobic.

Friidrettsgruppa ønsker deg velkommen til trening i hallen.20171105 opning 600