I samband med fylling av tankbil etter brannen i dag tidleg blei det tappa mykje vatn frå vassanlegget. Normal drift er 10-12 kubikk i timen, men vassforbruket var opp i 60 kubikk i timen ei stund.

Renseanlegget taklar ikkje dette forbruket og ureina vatn slepp dermed inn på leidningsnettet. Dermed må vi koke vatnet til vi får melding om at vatnet igjen er fullgodt rensa. Teknisk etat vil ta prøve i morgon for å sjekke vasskvaliteten. I mellomtida vil det bli gjennomspyling av anlegget for å få ut ureinsa vatn.

Flora kommune har sendt ut varsel på SMS til alle berørte husstandar. Har du ikkje fått varsel kan du melde deg på varslingstjenesta på Flora Kommune sine heimesider.

Trykk her og du kjem rett til påmelingssida eller gå direkte til UMS si heimeside på linken under

Du kan besøke UMS si heimeside for å sjekke dine opplysningar og eventuelt korrigerre desse. Systemet hentar informasjon frå GAB registeret/Folkeregisteret. Flora kommune sitt kommunenummer er 1401. Kommunenummeret kan du fylle inn under "Kommune" dersom du skal hente pinkode frå UMS for å endre på dine opplysninger eller registrere deg.

Trykk på "SJEKK DIN OPPFØRING" og følg instruksane vidare.

 

Flora Kommune jobber også for fullt med ferdigstilling av nytt inntak i Vassbotnevatnet. Dei håper å få det i drift snarast muleg så dei slepp så store utfordringer med vasskvaliteten i Eikefjord.