20171210 300 nesjaneBrødrene Aa er einige med INC gruppa om overtaking av anlegget på Nesjane. Dette er anlegget som Brødrene Aa sette opp på 80 tallet og har vore arbeidsplassen for 5-10 mann dei seinare åra. Med på kjøpet er også Driftselskapet Norwegian Marine.

Brødrene Aa vil bruke anlegget for vedlikehald av båtar og til produksjon av plastdalar og ein kan vente ein økning av arbeidsstokken på verftet.

Dei tre selskapa som idag held til i sentrum av Eikefjord, Eikefjord Elektro - Marcontrol og FjordMontering er eigd av Brødrene Aa. Desse vil flytte til anlegget på Nesjane.