Huset som blir kalla Foreninga i Eikefjord sentrum står i brann. Sentrum var ei tid avsperra vest om krysset til Knapstadbakkane. Etter flammane å dømme er nok huset totalskadd. Det var ikkje folk i huset.

Foreininga var det eldste huset i Eikefjord. Tilbake i 1759 fekk ein Kongebrev til krohold og gjestgiveri i Egefiorden. I 1766 fekk Mons Olavson Naustdal tinglese kongsløyve til krohold og gjestgiveri. Vidare finn ein spor etter gjestgiveri på 1860-70 talet då det vart betalt øl og vinskatt. Det var også handel i kjellaren på huset ei tid. Rundt 1900 vart telefonstasjonen i Eikefjord etablert der og der var den til telefonen blei automatisert.20180523 600 foreininga

Trøsta er at alle kom uskada frå brannen, sjølv om ein juvel nok er tapt.