20180628 300 TonheimHåvard Tonheim har avtent førstegongsteneste sidan august i fjor, i 2. bataljon kavalerieskadronen på Skjold.

Kjekt å ha med seg

– Han har fra første dag vist seg som en lærevillig, motivert, engasjert og ydmyk soldat. Han har vist et initiativ langt ut over det som kan forventes, selv av en dyktig soldat. I oppdragsløsning med andre avdelinger fremstår han som løsningsorientert. Han stiller krav til befalet, slik at han kan løse sitt oppdrag på best mulig måte. Kontingentens æressoldat er på alle måter et eksempel for alle i 2. bataljon, inkludert storflokkhøvdingen, sa Steinar Dahl.

Dette er henta frå tenesteuttalen til Håvard.

- Det er sjølvsagt veldig kjekt å ha med seg. Det kan nok komme godt med når eg skal søke jobb og elles i framtida.

Tøff teneste

Håvard fortel at han har likt seg veldig godt i løpet av militærtenesten.

- Det har vore eit av dei betre åra! Eg har fått vere i naturen og halde på med det eg likar.

Og det trass i at å tenestegjere i dette kompaniet er av dei tøffaste førstegongstenestene ein kan ha. Mellom 70 og 80 feltdøgn har dei lagt bak seg dette året.

- Vi har vore mykje ute i telt utan tilgong på varmekjelder. I starten merka ein det godt, men etterkvart fekk ein mer og meir erfaring og då er det ikkje noko problem. Litt frysing blir det alltid, vi har vore nede i eit par og tredve minus i år.

 

No står ei vekes ferie i Nice for døra, og til hausten blir Håvard å finne i Sogndal.

- Då skal eg studere idrett og kroppsøving. Det var planen allereie før eg kom inn i forsvaret.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2