Utskrift
Treff: 250

I dag laurdag 7. juli kl 19-22 på Solheim i Hyen går dette korte og intense motbakkeløpet av stabelen på . Start er på Solheim, ved garasja ovanfor skulen, mål på Solheimsstøylen etter ca 350 beinharde høgdemeter.

Konkurranseklassane startar kl 19.00. 
Vi oppfordrar alle jenter/damer til å delta! 

Trimklassa registrerar seg ved ankomst på støylen frå kl 17.30, og får då utlevert lodd som det blir trekt premier på seinare. 

50 kr startpengar alle klassar, for alle over 12 år. Kan og vippse til 115248. Det blir premie til vinnarane i kvar klasse, så her er det berre å hive seg rundt og bli med! 

Det blir barneløp i år og, denne gongen etter løpet kl 20.00. Løpet er for alle born opptil 12 år og er på 200 meter. 
Startpengar er 20 kr og alle får premie! 

På støylen blir det salg av pølse m/brød, kake, saft og kaffi etter løpet og bålkos ut i dei lyse timar. Dersom nokon ynskjer å få køyrt opp klede og utstyr til etter løpet, så fiksar vi det. 

Spørsmål? Kontakt Sverre Eimhjellen på tlf: 41508825

Sponsa av: Wurth Securitas

 

Vel møtt til store og små. 

Sjekk facebookeventen her:)