Share

Eikefjord Idrettslag feirer 50 år 20. oktober. Det var andre juledag 1967 at Eikefjord Idrettslag etter rett vart skipa, men feiringa kjem no litt på etterskudd.

No er det vel 60 påmelde, men Per Øyvind Sørbø reknar med det vil bli stinn Allhus-brakke 20. oktober når det kimar til bygdefest for idrettslaget vårt.

– Det er utruleg mykje som kjem fram når vi grev litt i historia. Visste du mellom anna at Ludvig Langedal og Bjarte Sindre er kretsmeistrar i bordtennis for Eikefjord Idrettslag? spør Sørbø som allereie har teke til å glede seg til festen. Han kan love overraskingar til dei som melder seg på.

– Vi har sagt at fredag er siste frist for påmelding, men om det kjem nokre etternølarar så skal vi sjå om vi ikkje får dei under tak, seier Sørbø og gliser.

Les meir i Firdaposten

HUMLESTØL

camera hum

Eikefjord

20130203-Humlestol.jpg

HALLEN

20170511-400-hallen.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com