Eikefjord Idrettslag feira denne helga sine første 50. Heile dagen var det aktivitetar, først løpskarusell på Storebru, deretter Yngvar Andersen i to økter og til slutt festmiddag på Allhuset.

Berre gjer da2018 10 20 300 yngve

Yngvar Andersen, heile Norge sin trim motivator, kom til Hallen for å motivere til trim. Litt vanskeleg dette med å motivere, dei fleste som er her treng ikkje meir motivasjon og dei som treng motivasjon er ikkje her.

Han oppfordra til å stoppe opp fleire ganger i kvardagen og ta to - tre minuttar med øvelser, den første allereie når du står opp.

Ellers må kvar enkelt finne ut korleis ein kan trimme i staden for å ta den enkle løsningen. Gå eller sykle til butikken/jobben, rett og slett leve litt meir tungvint. Ikkje like enkelt på bygda som i byen, men det er mange muligheter - det er berre å gjera da.
Han var også opptatt av å rydde opp rundt deg, selg unødvendige ting så du slepp leite etter det du verkeleg har brukt for. Slik frigjer du tid som du kan bruke til aktiviteter.

Yngvar Andersen gav også mange eksempel på kva nyare forskning seier om trimming. Trim gjer deg smartare, gladare og ikkje minst mykje meir fornøgd med deg sjølv.

I ekte Yngvar Andersen stil var foredraget avbrutt med fleire aktivitetsøkter
2018 10 20 600 yngve

Like etter foredraget var det tid for trening for liten og stor.
2018 10 20 600 trening

Yngvar forklarte øvelsane og deltakarane prøvde. Mykje latter og artige øvelser til oppvarming, deretter meir pust og pes på øvelser som var enkle å utføre, men tunge å halde ut.
2018 10 20 600 trening2

Seinare på kvelden var det duka for festmiddag på Allhuset.
2018 10 20 600 fest

Leiar i Idrettslaget, Per Øyvind Sørbø, gjekk gjennom historia til laget. Mange godbitar er gjøymd i dei forskjellige styreprotokollane. Sjølvsagt måtte VM-gull og Olympisk gullmedalje nemnast, men også dei mange flotte anlegga vi har med Hallen som rosina i pølsa.

2018 10 20 300 reidarFleire talara var frampå,men den som verkeleg kom med overrasking var Reidar Høyset. Han huska han var med på eit ting etter krigen og med hjelp av krinsen har han fått fram nyheter som overraska.

Eikefjord Idrettslag skipa i 1938. Reidar hadde fått tak i korrespondanse med krinsen der laget vart oppmoda om å melde seg inn. Han hadde også aktivitetstall som viste at det var aktivitet i laget etter krigen.

Må vi skrive om historia? Så kan den spreke 50 åringen feire 100 om 20 år.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2