Share
Nedenfor er nevnt nokre aktivitetar som er lett å organisere frå Eikefjordområdet.

Sjå også innom lag og organisasjoner for organiserte aktiviteter.

Aktivitetane er ordna alfabetisk

Bading

Eikefjord har ei flott badestrand på Sørbøen. Anlegget har garderobe med dusj og toalett og ute er det god plass for leik både i vatnet og på land for store og små.

Vinterstid er Havhesten i Florø, med 25m. baseng, terapi- og barnebasseng eit godt alternativ for å holde seg i form.

 

 

Bowling/Biljard

NÅ HAR VI ÅPNET bowlingsenter i Florø. 8 supermoderne bowlingbaner med tilhørende matservering og underholding. Vi har konferanserom med plass til ca 45 pers. bursdagsrom med plass til ca 25 pers. Velkommen til Bowling1Florø. Regn ute? Vi har åpent alle dager, og Bowling 1 er et perfekt sted når det regner. Heimeside Bowling1Florø

Image

 

Brevandring

Sjå turprogrammet til Flora Turlag og Sogn og Fjordane Turlag

Image

 

Dykking

I dagens samfunn kan det være vanskelig å finne aktiviteter som passer for hele familien og kombinerer fysisk aktivitet med spenning og muligheter for å komme heim med et herremåltid , fridykking gir deg muligheten til å utforske vår marine fauna samt jakte på fisk ,plukke skjell eller drive med undervannsfoto.
Sunnfjord Undervannsjegere organiserer dykkerturer i Norges fineste skjærgården

Image

 

Fisking i sjø

Eikefjorden
Det er ikkje så mykje fisk i Eikefjorden, men snakker du med lokalkjende har dei sikkert ein plass der du får fisk. Inne på vågen i Eikefjord kan du prøve deg på ålefiske. Skal du prøve deg frå land er det verdt å reise ut i Leversundet.

Osstrupen
Ved brua i Osstrupen er det alltid fisk å få. Her er det god tidevannsstrøm. Har du tilgang på båt kan du prøve deg helt inn til elvemunningen i Osen.

Havfiske
Kontakt Vestkysten Reiseliv i Florø for fisketurer med båt i havgapet utanfor Florø.

Image

 

Fisking i elv

Osenvassdraget
Nederste del av vassdraget er utleigd mesteparten av sesongen, men enkelte grunneigarar leiger ut fiskerettane sine.

Vidare oppover vassdraget frå Blåmannsvatnet til Krogstadvatnet blir det selt fiskekort av grunneigarane. Her får du mest kjø, men det er laga laksetrapp så laksen vandrar heilt opp i Krogstadvatnet.

Naustdal
Nausta er rekna for ei god lakseelv. Fiskekort kan du få kjøpt hjå grunneigarar eller på bensinstasjonen.

Norddalsfjord
Lakselva i Norddalsfjorden er eit godt alternativ til andre meir kjente lakseelvar. Lokale fiskeentusiastar har bedt om at eikefjord.net ikkje tipser sine lesere om denne "billige" elva. Fiskekort kan du få kjøpt hjå grunneigarar eller på butikken

Image
Det er viktig å ha utstyret i orden.

 

Fisking i vatn

Fjellvatna rundt Eikefjord
I fleire av fjellvatna rundt Eikefjord er det bra med fisk. Ta med fisketroa på fjelltur og ta med deg ein middag heim.

Vatn mot Hyen
I vatna på denne strekninga får du mest kjø, men det er laga laksetrapp så laksen vandrar heilt opp i Krogstadvatnet. Husk fiskekort

Image

 

Fjellturer

Rundt Eikefjord er det mange fjell som egna seg for fjellturer. Det er bratt tereng som skal forserast før ein er oppe i det fine turterenget.

Sjå linker til venstre for turforslag

Image
Stemningsbilde frå Blånipa

 

Fotturer i nærmiljøet

Havnen - Over tunellen - Stien
Start på Hovland og gå ned på Kommunekaia og vidare ut i Havnen. Når du passerer brua i Hamnen tar du til høgre og fortset ut og opp til fylkesvegen. Her kan du fortsette rett over vegen og opp mot den nye riksvegen. Gå innover nedanfor riksvegen og over tunellen. Denne vegen kjem ned igjen på den andre sida av tunellen. Her kan ein gå ned til undergangen og heilt ned på nederste del av bøen, nedanfor Hågane. Her finn du den gamle vegen mot sentrum, Stien. Stien kan du følge innover til rasteplassen.
Det er muleg å bruke barnevogn på mesteparten av turen. Over tunellen er det tungt med bratt bakke. Stien er ikkje egneleg for barnevogn

Knapstad - Sørgard .
På bakketoppen utanfor Utstillingsplassen går ein veg nedover. Følg denne og gå over riksvegen og vidare utover. Når du går utover har du gardane på Knapstad til høgre. I neste mota ovanfor granfeltet skal du ut i terenget, det går ein godt opptrakka sti utover som ender opp i vegen som kjem frå Sørgard feltet.

Image
Veret er ikkje alltid det beste - så kle deg riktig også for ein kort tur.

 

Havrafting

Kysteventyr tilbyr tur med hurtiggående gummibåt i skjærgården i Florø.

Image

 

Motorsport

I Kråkenesmarka utanfor Førdeer Kråkenesmark Motorsportssenter etablert. Her er gokartbane og bane for bilcross/Rallycross.
Meir informasjon/bestilling:

http://www.nmksunnfjord.no/eller tlf 95 43 90 30

Image

 

Padling

Sjø
Kalveskinnshavet, som er indre del av Eikefjorden, er godt egna til kano og kajakk. Man er i ly av fjella på alle kanter så vinden tar ikkje så mykje her inne. Det er også fullt av lune viker som man kan ta ein kvil i.

Vatn
Mot Hyen er det fleire vatn som er fine til padling. Spesielt kan nevnast stranda i Bogen. Denne ligg i inste enden av Løkkebøvatnet heilt bortunder fjellet. I kvart vatn finn du slike idyller som er vert eit besøk.

Nesholmen Leirstad har utleige av kanoer og kajakker.

Image
Vær forsiktig når du padler i vatn. Kjem du inn i elva er det ikkje godt å vite kor ferda går.

 

Rafting

Jølster Rafting har raftingturer i Jølstra og i Våtedalen

Image

 

Ski

Fjellturer
Fjella rundt Eikefjord er ikkje mykje brukt til skiturer da det er tungt å komme seg opp i det fine skiterenget. Er du først oppe er det fleire fine turer ein kan velge.

Turen til Blånipa som er beskreve i Fjellweb anbefales ikkje pga rasfare

Alpin
Blomlia i Førde og Bjørkelia på Jølster er to mindre anlegg med utleige av skiutstyr.

Langrenn
På Humlestølen har Skigruppa i Eikefjord IL eit topp moderne skianlegg med langrennsløyper og aktivitetsbakke.

Image
Det er ikkje nødvendig å prøve alle nedfarter når du går på ski

 

Sykling Landevei

Eikefjord - Stavang - Naustdal - Ramsdalsheia
Dette er ein tur på ca 90 km . Mesteparten av turen går på Fylkesveger som ikkje er mykje traffikert. Ramsdalsheia er tung å forsere uansett hvilken veg du sykler. Eit alternativ kan være å bli kjørt opp på Ramsdalsheia og sykle derfrå. Turen blir då 17 km kortare og mykje lettare.

Image
Det er viktig å ha utstyret i orden når du skal på sykkeltur.

 

Sykling Terreng

Gamle Øyravegen
Lettast tilkomst er gjennom tunet til Steinar Knapstad  ned bak løa og innover langs bøen. Her starter ein hard mota som du skal være god for å klare å sykle opp. Vidare innover kjem du til ei myr. Denne skal forserast, vegen fortset innover og er no grei å følge inn på Øyra.

Storebru - Brekka
Frå krysset på Storebru kan du følge vegen ned langs elva. Du kjem til slutt opp på vegen til Myrane, denne syklar du oppover og kjem opp på Brekka.

Knapstad - Sørgard .
På bakketoppen utanfor Utstillingsplassen går ein veg nedover. Følg denne og sykl over elva og vidare opp og utover. Du sykler utover og har gardane på Knapstad til høgre. I neste mota skal du ut i terenget, det går ein godt opptrakka sti utover som ender opp i vegen som kjem frå Sørgard feltet.

Hovlandstøylen
Det er fleire alternativ i den første delen. Ein går opp innanfor tunellen, ein over tunellen, men den som er lettast går frå Bulder fossen og opp den vegen som er beskrevet i fjellweb. Dette er ein tøff tur med mykje mota.

Image
Terengsykling kan by på mange utfordringar og ofte kontakt med moder jord.

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

20171105-400-styrke.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com