|
Skrevet av OddA
|
|
mandag 18. januar 2010 19:55 |
|
Eikefjord.net var på tur på Humlestølen i helga med kameraet. Mange som kosa seg i skiløypene sjølv om det er i minste laget med snø. Inne i varmehytta var det denne gangen Bestemorlauget som stod for serveringa. Dei klarte seg stort sett helt fint sjølv om dei syns det vart hektisk etter at barneløpet var over. Desse 3 er eit typisk eksempel på dei glade skientusiastane som finn vegen opp til Humlestøl.
Ein treng ikkje ha startnummer på for å ha det gøy på ski.

 Lille bror er med mamma i barneløypa og storebror pæser pappa på 2 km.

Rekruteringa skal også sikrast hos arrangøren.

Også enkelte av dei som går i trimklassen tar seg skikkeleg ut. Då smakar det ekstra godt med kakao i varmebua.

Arne Odd Løkkebø tar igjen Normund Svoen.

Margunn Sunnarvik med full kontroll i eine unnabakken.

Jan Arve Solheim er best blandt herrane.

|