|
Skrevet av OddA
|
|

Eikefjordprisen vert tildelt enkeltpersonar, lag, organisasjonar eller bedrifter, som i ord eller handling har medverka til positiv utvikling for Eikefjord. Målet med Eikefjordprisen er: Å stimulere til aktivitet som kan vere med å utvikle Eikefjord til eit samfunn der samhandling og lagånd pregar arbeidet for "Det gode liv"
Eikefjordprisen 2010 blir gitt til: Eikefjord Aktivitetsgard v/Bodil Hovland Øren For utvikling av gards- og hesteinteressa i heile Flora kommune som gjev gode ringverknader, positiv marknadsføring og aktivitet i Eikefjords-bygda.
Eikefjordprisen 2009 blir gitt til: Bestemorlauget Bestemorlauget symboliserer dugnadasånda i Eikefjord på ein framifrå måte. På eige initiativ har dei starta ulike prosjekt: stirydding, dmåturar for dei eldre, diverse planting og pyntingsprosjekt som t.d. "Stilla lunden" Dei står for ein sosial profil der fekkesskap og evne til å ha det kjekt ilag er viktig, men der eit av kritetia er: Yte før nyte! Eikefjor Grendalag er svært glade for at Bestemorlauget brukar mykje av tida si til aktivitetar til glede for alle oss andre i bygda!
Eikefjordprisen 2008 blir gitt til: Eikefjord Skulemusikk Skulemusikken symboliserer dugnadsånda i Eikefjord på ein framifrå måte. Dei gledar bygda i mange samanhengar og er ein flott ambassadør for kulturlivet vårt. Vi gratulerer Eikefjord Skulemusikk med nye uniformer som gjer at dei verkeleg blir lagt merke til.
Eikefjordprisen 2007 blir gitt til: Ragnhild Høyseth og Elisabeth Ellingsund. Dei to symboliserer dugnadasånda i Eikefjord på ein framifrå måte. Med stor glød står dei fram som eit døme på "det gode liv" i bygda, til glede for alle med tilknytning og interesse for Eikefjord.
Eikefjordprisen 2006 blir gitt til: eikefjord.net ved Odd Asle Endestad Prisen vert tildelt for framifrå arbeid med og drift av nettsida eikefjord.net - til glede for alle med tilknyting til og interesse for Eikefjord.
Eikefjordprisen 2005 blir gitt til: Skigruppa i Eikefjord Idrettslag Prisen vert tildelt for innsatsen i: Skisportens Fremme. Dette arbeidet har skapt eit aktivt og veldreve skianlegg på Humlestølen som er til nytte og glede for bygda og heile kommmunen.
Eikefjordprisen 2004 blir gitt til: Jarl Charles Aarseth, Magnar Sunnarvik, Ottar Akselsen. Prisen vert tildelt for innsatsen i felllesprosjektet: Eikefjord Gjestebrygge. Prosjektet er eit ledd i arbeidet for nyskapning og positiv utvikling av fjæra, og har skapt eit godt tilbod for dei som ønskjer å vitje Eikefjord sjøvegen.
|