|
Tekst: Solveig Øren Melodi: Vestland, av Sigurd Førsund
Frå fjell i aust til havet ut i vest, der ligger staden som vi kjenner best Kommunen Flora er vår heimstadshamn Og Eikefjord er denne bygdas namn.
Mot nord går fjellet inn i Nordalsfjord der Klauvekeipen ruvar mektig stor. Men innanfor på rekke og på rad, der ligg det holmar vendt mot Florø stad.
Kanalar, eid og sund er Floras sjarm med skjelmske øyar inn i fjord og arm. Set skapar liv i floraen omkring så trolske stemningar blir sett i sving.
Din fauna innheld venleik og mystikk Din vår berusar som ein trolldomsdrikk. Å, Svanøy! Sunnfjord vakre paradis, i konkurranse tek du første pris.
Dei djupe fjordane på kryss og tvers fortjener kvar for seg eit lite vers. Dei er så fagre blå ved summarstid, når heile himlen speglar seg der i.
Vi inn ved fjorden kvite kyrkja finn, der berg og bjørkeskog ho kransar inn. Med kors og tårn og velkjend klokkeklang, ho fylgjer tid og våre ætters gang.
Å! Vakre heimstad i frå aust til vest er du av dine elska aller mest. Frå grensa di i nord til lengst i sør står slektene bak deg som aldri før.
|