Stølsbrua - Knapstadstøylen
|
Start: Rasteplassen Riksveg 5 Tid: 60 min opp / 45 min ned Høgd: 80 - 420 m. Lengd: 2,6 km Kartblad: Eikefjord 1118 II Vanskegrad: 
Følg turbeskrivelse mot Eikefjordstøylen opp til Stølsbrua.
|
|
|
Knapstadstøylen er eit godt utgangspunkt for vandring i indre deler av fjellet nord for Eikefjord. Grøneheia, Grøneheivatnet, Silornipa er fine utflukter herfrå.
|
 |
|
Her på stølsbrua på stien til Eikefjordstøylen er eit fint utgangspunkt dersom du har tenkt deg på Knapstadstøylen. Stien innover er lett å følge.
|
 |
Det er no merkt ny sti innover til Knapstadstøylen. Denne stien er lett å gå og merkinga er god. Beskrivelsen nedanfor følger ikkje den merka stien.
|
Dersom du held til venstre og ikkje følger den godt opptrakka stien kjem du til denne passasjen. Den er også inngangsportalen til eit fantastisk fint område for unger som kan bade i smådammane i elva innover.
|
 |
|
Turen vidare innover går mot Bleikeknollen. Det beste er å følge bergnabbane innover. Knapstadstøyen ligg der pila viser.
|
 |
| Det er også ein fin tur å gå vidare innover fjellet til Inste Knapstadstøylen som ligg rett nedanfor Grøneheia. |
 |
Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.
|
Copyright: Odd Asle Endestad
|