Share

Inste del av Eikefjorden er eit fantastisk turområde som ikkje er oppdaga av båtfolk flest. Når nordavinden bles på kysten er det lunt og fint i Eikefjorden og vi slepp dei store bårene då det indre bassenget er mest helt innelukka.
Det er gode bademuligheter i lune viker og Kroa har mat og drikke for dei som ønsker det.

Velkommen innover til Eikefjorden


Image

Turen inn fjorden kan gi mange gode opplevelser. Her har Atle Grøneng fanga ei magisk morgon-stund. Image

 

I enden av den grønne ruta innover fjorden finn du flytebrygga. Pass på å holde klar av staken mellom Notaholmen og Nesjane. Ved flytebrygga er det mulig å legge til for kortare eller lengre opphold. Frå brygga er det kort veg til både Kroa som du ser i bakgrunnen og butikkane i sentrum. Image

 

Ved sida av småbathavna er miljøstranda. Her er det tilrettelagt for badeaktiviteter så vel som aktiviteter på land. Det er tatt spesielt hensyn til funksjonshemma badegjester. Det er også molo her så ungdommane kan hoppe og leike seg lengre ute i sjøen. Stranda er ideell for ettermiddagsbading då sola ikkje går ned før i 10-tida om kvelden. Image

 

Notaholmen, Middagsholmen og Kvalvikeholmen er naturreservat der det ikkje er tillatt å gå iland frå 1. april til 31.juli. Det er også forbud mot ferdsel i ei sone ut til omlag 50 meter frå land. Ellers er heile fjorden eit eldorado for småbåtfolket. Image
Vi i Eikefjord håpar du hadde ein fin tur innover og ønsker deg velkommen igjen.

 

Copyright: Odd Asle Endestad

 

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com