Share

Tur til Standal frå Svardal
Du parkerer ved brua (Øyrabrua) over Steindalselva mellom Svardal og Steindal, går skogsvegen langs elva vestover kviene og over brua i Håsteinsdalen. Så går du vidare opp bakken på skogsvegen ut til første vegkrysset, der du tek til høgre. Når du har kryssa Håsteinsdalselva,  går du stien 300 steinhovdestoelenpå vestsida av elva. Du kryssar elva att når du kjem eit stykke forbi smalaste partiet, og går vidare på austsida av elva utover mot Steinhovdestølen.

(Steinhovden leigde stølsrett av Svardalen på 1700 talet). Stien mot Steinhovdestølen går stort sett langs elva i djupaste dalen. Stien til Standal går vidare ut skaret frå Steinhovdestølen (Sjå foto) i sørvestleg retning til Standal.

Avstanden mellom Øyrabrua i Svardal og Øvre Standal er ca.12 km, og du brukar ca. 3 timar på turen.

Tur til Store Høydal
Stien til Høydal går vestover frå Steinhovdestølen til Villebøen. Der kjem han inn på stien som går frå Høydalen til Håsteinen.
Avstanden mellom Øyrabrua i Svardal og Store Høydal er ca. 12 km, og du brukar ca. 3 timar på turen.

600 Turkart haasteinen

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com