Share

Tur til Vevring over Korsskaret
Parker ved Øyrabrua og gå austover på bilvegen ca. 200 m. Sving så til høgre inn på skogsbilvegen (bom). Du går på skogsbilvegen opp til Åmotstølen. Det er bru over Stølselva ved snuplassen, og skogsveg ut forbi Fossen ved Boliasholten. Frå Boliasholten går du går nokre hundre meter sørover på myra. Sving så vestover og kryss ei lita elv. Du får då ei myr på høgre sida og går vidare ut over mot høgdedraget. Det er ein godt synleg sti vestover. Der det er slutt på høgdedraget, svingar du sørover opp mot Korsskaret. Vest for stien ser du restane etter Høyvikestølen rett før du kjem opp dit. (Høyvika i Høydalsfjord leigde stølsrett der av Svardalen). Frå Korsskaret kan du gå ned Sveene til Vevringstølen, og vidare derfrå til Vevring. Eller du kan gå sørvestover frå Korsskaret mot Vassbotnen. Der er det slakkare terreng enn ned Sveene.

Dette er ein relativt lett tur, og avstanden mellom Øyrabrua og Vevring ned Sveene er ca. 7,5 km. Du brukar ca. 2,5 timar på turen.

Tur til Fagernipa (685 m)
Frå Korsskaret kan du gå vestover Berrskolten mot Fagernipa, der du får fin utsikt til ytre Førdefjorden. Så kan du gå nordover Dyttingane og austover til Nonsnipa og ned til skogsvegen i Håsteinsdalen på turen tilbake.

Dette er ein relativt lett tur, og avstanden frå Øyrabrua over Fagernipa og tilbake att er ca. 13 km, og du brukar ca. 3,5 timar på turen.

Tur til Gryta eller Engebø
Frå Åmotstølen går du rett opp den bratte lia aust for Daleelva, vidare opp den bratte bakken rett vest for Høgenipa og ned til Grytastølen. Derfrå går du stølsvegen ned til Gryta. Frå Grytastølen kan du gå vestover til Engebøstølen og vidare på stølsvegen ned til Engebøen.

Dette er ein relativt tung tur til du kjem opp på Smånipene (554 m) sørvest av Høgenipa.
Avstanden mellom Øyrabrua og Gryta er ca. 6 km, og du brukar ca. 2,5 timar på turen.
Avstanden mellom Øyrabrua og Engabøen er ca. 7 km, og du brukar ca. 3 timar på turen.

600 tur svardal vevring

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

20170511-400-hallen.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com