|
|
|
Eikefjord Grendalag har arbeidd som interesseorganisasjon for bygda sidan 2000, og har vore ei viktig drivkraft i arbeidet for å gjere Eikefjord til ein god stad å vere. Med eit tiårs framragande arbeid som eksempel, går det nye styret 2011-2012 på med liv og lyst for å lyfte og drive bygda vidare framover. Vi vil nytte Eikefjord.net for å halde dykk informert om kva som skjer vidare. Datoar å merke seg 2011: Jonsokaftan, 23. juni. Vert som vanleg feira med samling både i Allhuset og med bålbrenning på Stranda. Sommarfest med dans, 02. juli. Vi vil feire den lyse – og vonaleg varme – årstida med sommarfest og dans. Vidare informasjon vil kome over påske. Eikefjorddagane 12.-14. august. Vi ladar opp til tiårsjubileumet neste år med å feire bygda vår i tre dagar til endes også i år. Grendalaget og gode medhjelparar er godt i gang med å bu oss til storsamlinga som så tidlegare vil femne om kunstutstillingar, salsutstillingar, konsert, fest og dans, og ei mengd aktivitetar for folk i alle aldrar.
|

















