Share

Steinvik 300OPEN DAG på STEINVIK FISKEFARM VISNINGSSENTER. Og i år vert det litt tidlegare enn vanleg, nemleg på LAURDAG 12. MAI KL : 11-17.

Dette er det 8. året på rad at vi arrangerer Open Dag sidan vi opna visningssenteret i 2011.
Besøk og etterspurnad beviser at arrangementet vårt er liv laga og veldig populært. I 2017 hadde vi 1000 besøkande. Også er det eit familiearrangement med både inngang og alle aktivitetar gratis for alle.
Vi har sikra oss uansett ver, med rikeleg med sitteplassar inne og ute. Det vert telt ute, og varmelamper inne i hallen.

KOM, SJÅ OG OPPLEV : Aktivitetar for alle aldrar og einkvar smak. Fisk i mærane, oppdrettsutstillinga, quiz, fiskekonkurranse for born (vi held fskeutstyret, men ta med redningsvestar for dei minste 0-5 år), veteranbilar, båt-turar, Svanøy Røykeri-stand og Røde Kors- stand, sal av grilla laks m.m. og speaker med høgtalaranlegg. Og sjølvsagt vert dei artige ROGNKJEKSA med, og det vert trekking av premiar som alltid. Andre spennande ting dukkar heilt sikkert opp også!

HUGS : GRATIS INNGANG FOR ALLE !

Følg oss på FB-sida og heimesida vår, avisannonser, plakatar og andre nettstader når det nærmar seg.

HJELP oss gjerne med å dela / spreia denne bodskapen vidare.

VELKOMMEN !

Steinvik03 600

 

Steinvik02 600

 

Steinvik01 600

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

20170511-400-hallen.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com