|
Hovedmålet til Friidrettsgruppa er å få barn og ungdom interessert i ein eller annan form for idrett. Vi sikter sjølvsagt mot Friidrett, der vi bruker å ha utøvere i landseliten i aldersbestemte klasser.
Friidrettstreningene er delt opp i 2 nivå.
Eit barneparti 6 - 10 år med leikaktiviteter. Her er yngre velkomne i følge med foresatte. Det er fleire trenere for denne gruppa, med Sigbjørn Holsen som koordinator. Vi vil gjerne ha kontakt med foreldre som kan tenke seg å ofre en kveld for måneden på sine unge håpefulle.
Gruppa 13+ er meir spissa mot friidrett. Hovedmålet er å bygge ein basis, slik at dei kan utviklast vidare og kanskje bli både norgesmester og verdensmester. Tirsdager er det sirkeltrening og torsdager spensttrening. Odd Asle Endestad er trener på denne gruppa.
Jørn Høyset som er verdensmester i styrkeløft hadde friidrettstreningane i Eikefjord som sitt faste holdepunkt i ungdomsskulen og videregående skule. Her fekk han inn ein god basisfysikk slik at han kunne fortsette å trene i styrkeløftgruppa i Florø. Det er også muleg for DEG å nå like langt, men det krev trening og tett oppfølging av dine foreldre
Tilbod EIL friidrett frå jan 2012
Pakke 1 på TrimBua kr 1500,- pr. heile år for; eigentrening utan instruktørtimar.(fakturerast frå dato til dato pr. heile år) Dvs betaler du 12. nov går medlemskap til 11.nov neste år.
1/2 pris (kr 750,-) for ungdom(fra 15 år)/studenter(ingen øvre grense)
Pakke 2 på TrimBua kr 2000,- pr. heile år for; eigentrening, spinning, pilates og zumba eller sirkeltrening og spenst etter ønskje. Påmelding via Internett for TrimBua, pilates og spinning. (fakturerast frå - til dato heile år)
1/2 pris (kr 1000,-) for ungdom(fra 15 år)/studenter(ingen øvre grense)
Pakke 3 Zumba i gymsalen onsdagar kl 20.00 ( 300,- Kr pr halve år - fakturerast pr ½ år)
Pakke 4 Spenst / sirkeltrening tysdagar kl.19.00 (300,- pr halve år - fakturerast pr ½ år) (150,- for unge tom 19 år) Her må alle unge frå 10 år og kome og delta.
Barneidrett i gymsal ( 6 til 10 år) tysdagar kl 14.45 ( 100,- pr halvår)
Obs: eiga obligatorisk vaktliste for foreldre våren 2012:
Vaktliste er sendt ut via skulen til borna frå 1. kl til 5.kl. i veke 4. Deltek ditt born og du er usikker på kor tid din vakt er ? Ta kontakt på mobiltelefon: 915 20 807.
|