Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
PDF Skriv ut E-post
Knapstad - Knapstadstøylen

Start: Knapstad, gjennom tunet til Albert Hamnknapstadst-525-kart
Tid: 60 min opp / 45 min ned
Høgd: 130 - 410 m.
Lengd: 2,1 km
Kartblad: Eikefjord 1118 II
Vanskegrad: tursko

 



Knapstadstøylen er eit godt utgangspunkt for vandring i indre deler av fjellet nord for Eikefjord. Grøneheia, Grøneheivatnet, Silornipa er fine utflukter herfrå.

Image

Knapstadstøylen er lettast tilgjengelege ved å gå ta av RV5 på Knapstad og køyre opp til Albert Hamn.

Spør om parkering hos han.

knapstad-400

Frå gardstunet følger ein skogsvegen ein ser bak husa

Image

Frå gardstunet følger ein skogsvegen oppover lia.

Dei to neste bilda er heilt til høgre på dette bilde.

traktorvegen-400

Ein må passe litt på å velge rett veg oppover slik at ein ikkje kjem feil ut.

Image

Eit stykke oppe må du følge ekstra godt med. Her går stien ut av traktorvegen og fortset oppover skogen. Image

Det er ikkje så langt frå traktorvegen opp til Kvile. For å komme på støylen fortset ein rett fram.

Går ein stien utover vil ein komme ut til vegen innanfor Øvrebøen.
Image

Når ein går rett fram over Kvile kjem ein til denne myra. Det kan vere litt vanskeleg å sjå stien på den andre sia, men kjem ein bort ser ein stien slyngjer seg oppover mellom trea.

Image

Her kan det vere lett å ta feil av stien. En skal følge stien der pila peiker sjølv om stien til venstre i bildet ser mest traffikert ut.

Image

Stien oppover er ganske grei å gå. Det kan sjå ut som det ikkje går an å komme forbi enkelte plassar, men kjem ein nermare ser ein godt stien. Image

Etter litt vandring oppover og innover ønsker Knapstadstøylen oss velkommen der den ligg oppunder Bleikeknollen. Image

Fjellknausen over Knapstadstøylen, Bleikeknollen, gir godt utsyn over Eikefjorden Image

Det er også ein fin tur å gå vidare innover fjellet til Inste Knapstadstøylen som ligg rett nedanfor Grøneheia. Stien begynner rett bak postkassen og er merka på kartet

knapstadst-525-kart

Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.

 

Copyright: Odd Asle Endestad