Share
Eikefjord kyrkje

Adresse

 
Eikefjord kyrkje Telefon: 57744450
  Telefax:
6940 EIKEFJORD E-post:
  Andre nettsted: Kinn Prestegjeld
Eikefjord kyrkjekontor:  
Allhuset i Eikefjord Telefon: 57744544
Kyrkjetenar: Anders Tyvold Telefon:911 38 521
Andre kontakttelefonerer:  
Kinn Kyrkjekontor, Florø Telefon: 57752530
Beredskapstelefon 95 48 31 52

 


Kontortid Eikefjord kyrkjekontor etter avtale

 

ImageEikefjord kyrkje bygd i 1812/13 av byggmester Nils Olsen Kjørslevik. Ombygd i 1874 til korskyrkje med 350 sitteplassar

Altertavla frå 1874 er kopi av Thorvaldsen Kristus-skulptur frå 1829. Skulpturen er skoren i tre. Det er ein vegg bak skulpturen, utskoren og måla, og på sokkelen står teksten "Han er vor fred"

2 alterlysestakar frå ca 1900, messing.

Nattverdutstyr. Kalk og disk frå 1812, sølv, gåve frå sokneprest Clasu Finde.

Preikestol truleg frå 1874

Døypefont frå 1812, dåpsfat frå 1964, sølvplett, gåve frå Nicolai og Bergljot Lien, dåpsmugge frå 1964, gåve frå Eikefjord bondekvinnelag.

Lysekrune frå ca 1700-talet, messing

Orgel frå 1961, 7 stemmer, Olsen & Jørgensen, tidlegare i Eid kyrkje frå 1898, gåve frå Ola O. Agledal og innsamla midlar.

2 kyrkjeklokker. Ei frå 1848, laga av Becher i Bergen med innskrift: "Støbt til Egefjordens kapel Soli Deo Gloria". Ei klokke frå 1963 Olsen& Søn, Nauen, med innskrift "Eikefjord kyrkje anno 1963 - Gåve frå Ola O. Agledal. In Majooren dei gloriam" (=for å gjere Guds Ære større)

 


Eikefjord kyrkje er ei av dei eldste i Sunnfjord og representerer første generasjon av tømmerkyrkjene frå 1800-talet. Etter utviding i 1874 er ho no ei korskyrkje, ei av berre tre i fylket.

Kyrkja i Eikefjord tilhøyrer same kyrkjegenerasjon som Ålhus og Hestad, og Eikefjord var ved bygginga den første nye kyrkjestaden som var teken i bruk i fylket sidan 1600-talet.

15. Trinit Søndag 1813 vart kapellet invigd. Dette er 16. søndag etter pinse som var 26. september 1813.
Egefiordens Cappel

Kyrkja var i byrjinga kapellstad under soknekyrkja på Svanøy, men har vore eige sokn sidan 1889.
Kyrkjestaden ligg under ein bratt hammar, litt sør for dagens sentrum. På Sørbøen, der kyrkja står, var det tidlegare skysstasjon, handelsbu og post- og dampskipsekspedisjon (rutestopp frå 1877).
Då kyrkja vart bygd, stod soknekyrkja på Svanøy, og det går segner om strevet folk hadde med å komme seg til kyrkje. Ei spesiell hending kan ha gjeve opptakten til kyrkja i Eikefjorden: Fem mann frå Løkkebø hadde vore på kyrkjeferd på Svanøy og nådde fram til Eikefjorden søndagskvelden. Om natta snudde vêret til sørvest storm og regn, og då dei om morgonen skulle over isen på Endestadvatnet, gjekk det gale. Alle fem gjekk gjennom isen og drukna, medan konene deira sat på ein haug like ved og såg på, utan å kunne hjelpe. Mennene vart funne og lagde opp på ein holme, som den dag i dag vert kalla Likholmen.
Kring 1810 gjekk bygdefolket saman om å byggje kyrkje, med Søren Agledal om pådrivar. Materialen vart køyrd til sjøen skoren til plank og bord med handsag, eller øksa til bjelkar og stolpar med bile. Byggmester var Nils Olssen Kjørslevik, som hadde lært byggekunsten i Bergen.
I byrjinga var det ei lita langkyrkje med 150-200 sitjeplassar. Kyrkja var i privat eige, men i samband med den store utbygginga i 1874 til korskyrkje, vart ho seld til soknet for 1000 spesidalar. Soknestyret fann summen overdreven høy, men godtok likevel.
Bakgrunnen for ombygginga var som så mange andre stader folkeveksten i soknet og at kirkeloven av 1851 bestemte at sognets kirke skulle ha plass til minst tre tiendedeler av befolkningen. Ei tid vart det vurdert å byggje ny kyrkje, men det enda med at Cristoffer Svanøe laga ei skisse til ombygging til korskyrkje som soknestyret godtok. Midt på kvar langside vart det bygt ut sideskip, slik at kyrkja fekk korsform. På kvar korsarm vart det også bygt små inngangsparti. Det gamle våpenhuset med tårn over, vart ståande som før i vestenden.
Kyrkja er både romsleg og intim, lys og stemningfull på same tid. Korsforma gjer at ingen i kyrkjelyden sit langt frå presten eller koret. Det er galleri i tre av korsarmane (utanom koret), og i kvart indre hjørne i korsforma er det to store vindauge. Tømmerveggane er brune, taker lyst.
Kyrkjebyggjar John J. Alver gjorde jobben i 1874 for 1100 spd, med spir og om det forlangtes ny altertavle og predikestol. Han hadde med seg same arbeidslaget som bygde Stavang kyrkje året før.
Opp gjennom åra er det gjort fleire større og mindre utbetringar. Sakresti med to rom vart bygt mot aust i 1936, med inngang bak altertavla i koret. Det var vedfyring fram til 1953, og vedomnen står enno. I 1970-åra vart det lagt inn vatn og sanitæranlegg, og seinare flomlys. I 1999 vart golvet slipt og kyrkja måla opp att innvendig. I midtgangane og koret kom nye teppe. Benkane vart fiksa opp og fekk puter.

Kilder:
På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane
Digitalarkivet

 

Konto til Fleirbrukshallen


3705.28.29934

Bli med og få ditt navn
på minneplate i hallen.

Du kan betale direkte til kontoen.

Der er no komme inn
6 841 154 av 7 million.

Bli med og spons vidare
Idrettslaet og Grendalaget har tatt opp 
store lån for å finansiere hallen

Byggekamera

 

Sponsor byggekamera