| Minner om kjoleparade på årets Eikefjorddagar! |
|
|
|
| Skrevet av Mona Ø S | |||
| fredag 02. juli 2010 22:24 | |||
|
Vår eigen Berit Sørbø vil i år på Eikefjorddagane vise fram sin flotte eigensydde kjole frå 1860. Kanskje vil du òg sy deg eit antrekk, eller du er så heldig at du har eit liggande på loft eller i ein kjellar. No får du sjansen til å vise det fram, når kjoleparaden går gjennom sentrum av Eikefjord søndag 16 august. Her får vi kanskje sjå nokre gamle dressar òg? Det er berre å hive seg med i paraden, enten du har ein fin kjole å vise fram eller berre nokre gamle bukseselar og ein hatt? Slepp fantasien laus! Eikefjord skulemusikk kjem i sine flotte uniformer og skapar god stemning med korpsmusikk i front av paraden. Er dette noko for deg? Meld deg på til Berit Sørbø på mobilnr:95891979, eller til Iris Agledal på mobilnr:91593074 Dette blir moro!!
|
















