Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Ramsdalsheia - Blånipa på søndag PDF Skriv ut E-post
Skrevet av OddA   
lørdag 19. september 2009 09:00
Søndag 20. september arrangerer Flora Turlag tur frå Ramsdalsheia til Blånipa, Eimhjellenipa eller Smylmedalseggja - kjært barn mange namn. Dette er ein tur i flott fjellterreng.

Turen startar på parkeringsplassen ved Trollstova på Ramsdalsheia og så er det innover bakkane mot Alnakken, og vidare skråberga og snaufjellet mot toppen. Smylmedalseggja er toppen, 1121 moh, av det høge fjell partiet mellom Osenvassdraget med Storfjorden i vest og den hengande Hydalen som skjer seg frå Naustdalsida og nordover til møtes med Gjengedalsvassdraget i nord. I godt vær med skarp haustluft er det utsikt frå hav til bre.

I vanleg turtempo tek turen 4 timar til topps og rundt 3 timar nedatt.

I Florø møtest dei ved Sparbutikken på Krokane kl.09 og organiserer biltransport derifrå.

Turleiarar: Kjartan Kvellestad og Signe Nordvik

Spørsmål om turen til Signe på 41530520