| Rideskule på Hovland |
|
|
|
| Skrevet av OddA | |||
| torsdag 09. september 2010 09:08 | |||
|
Etter haustferien kan også voksne delta på ridekurs Onsdags ettermiddag var det hektisk aktivitet på ridebana og stallen i Bakkjen. Store smil på høge hesterygger over alt på bana og mange ivrige hender som stelte hestane i stallen. Kan eg få prøve den hesten litt til -og Bodil innvilga ei runde til kvar før dei skulle inn i stallen og stelle hestane og gje dei for.
Mandager og tirsdager er det ridekurs for vidarekomne medan onsdager er forbeholdt nybegynnere. Fredager frå 15 - 18 er det møte i Ponnyklubben. Klubben er mynta for dei som er for små til å være med på nybygynnerkurs men har lyst til å prøve litt av kvart på aktivitetsgarden. Her kan ein ri på ponnyar, kose med dei mjuke kaninane, hjelpe til i stallen og andre aktiviteter på garden. 20. oktober blir det starta opp kurs for voksne på onsdager frå 19 - 21. Dei som er interessert må kontakte Bodil for påmelding. Kursa er forholdsvis fulle, men om du er interessert er det berre å ringe. På voksenkurset er det god plass enda. For meir informasjon om kurs og påmelding kontakt Bodil på 971 56 262.
|

















Det er stor aktivitet i Bakkjen med rideskule mest kvar ein dag. Gutar og jenter storkoser seg med kyndig veiledning av Bodil og hennar medhjelpere.
