| Årsmelding EOVH 2008. |
|
|
|
| Skrevet av OddA | |||
| mandag 09. mars 2009 20:34 | |||
|
Årsmøtet vart halde 28.feb. `08 i Samlingsheimen – 12 medlemer + 1 observatør. Referat er utsendt. Styre: A.Svardal – leiar, Jan Osa – nestleiar, Lidv. Øyra – kass., Einar Øren og Sigmund Eimhjellen. PV i rekkefølgje: Asle Ellingsund, Atle Øren, Evert Havn, Jan Harald Pedersen og Elias Eimhjellen. Fangstrapportering `2007. I år har rapporteringa skjedd sonevis: Oppstraums Gygrefossen – Evert Havn Osa/Vasset – Svardal – Jan Atle Osa (Brynjar Svardal rapporterer direkte til Fiskeforvaltaren). Osen – Hans Terje Anonsen Rapportert fangst iflg.Fylkesm.: 122 laksar, i alt 515,9 kg – oppgang frå i fjor på 2 fiskar men ned 107,6 kg. 84 sjøaurar, i alt 101,7 kg – nedg. frå i fjor på 61 fiskar og 30,3 kg. Fangstavgrensing: Fiskeforvaltaren innførde fangstavgrensing for laks og sjøaure i 2008. Avgrensinga vart gjennomførd etter drøftingar med elvaeigarlaget og var eit alternativ til innkorta sesong. Avgrensinga vart slik: oppstraums Gygrefossen , ingen avgrensing. Osa-Vasset, inntil 4 laksear pr veke, men ingen avgrensing for sjøaure, Svardal, inntil 6 laksar pr veke, men ingen avgrensing på sjøaure. Etter tilbakemeldingar å døme, fungerte ordninga godt. Orddninga held fram tom 2012. Osen Gard hadde også fangstavgrensing, etter det ein veit, var fangsten der avgrensa til 4 laksar og 2 sjøaurar pr veke. Prøvefiske.Det vart gitt løyve til fangst av rømd oppdrettsfisk på Endestad, Osa , Svardalen (og Osen). På Osa vart det fiska, men dei fekk berre kjø, på Endestad vart det ikkje fiska, i Svardalen vart det fanga 7 laksar og vel 50 sjøaurar men ingen oppdettsfisk, frå Osen har vi ingen rapport. Innlandsfiskeprosjekt Sogn og Fjordane. Ein har skrive kontrakt med Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA om at EOVH vert med i Innlandsprosjekt SFJ. Møteverksemd. Styremøte – etter årsmøtet den 28.februar`08 har ein hatt fire styremøte, den 4. juni, den 4. sept., den 15. des. 08 og den 16. feb. `09. I tillegg har styret hatt 4 møter med leiinga for Innlandsfiskeprosjektet SFJ og gjennomført synfaring av vassdraget frå Storebru til Nesholmen med tanke på tilrettelegging av fiskeplassar for rørslehemma. Representantar for Sogn og Fjordane FFO var også med på synfaringa. Innlandsfiskeprosjektet SFJ har innleidd samarbeid med FFO om tilrettelegging av fiskeplassar. Allmøte-fiskerettshavarar den 16. februar. Hovudtema: Om Innlandsfiskeprosjektet SFJ generelt, om tilrettelegging av fiskeplassar og om nettbasert sal av fiskekort. Driftsplanarbeidet. Planen er no ferdig frå sekretæren si side og vert lagd fram for årsmøte `09 til godkjenning. BU-midlar/SMIL-midlar. Rusekjøp. Laget fekk kr. 30 000,- i BU-midlar til kjøp av fiskeruser/anna utstyr. Saman med kr 26 400,- av fiskekortpengane rakk dette til å kjøpe 2 nye ruser. Laget har no i alt 5 ruser, av desse har 3 stått i Endestadvatnet i fjor og ei i Krokstadvatnet. Den 5. er lagra på Solheim i påvente av drifting. I tillegg fekk vi kr. 12 000,- til desinfiseringsstasjonar og kr. 12 000,- til kartlegging/utvikling av overnattingsstader i BU-midlar. Vidare fekk vi kr 8 000,- i SMIL-midlar til tilrettelegging av fiskeplassar for rørslehemma. Ein har tre år på å gjennomføre dei tre siste tiltaka. Rusefangst `09. I Endestadvatnet har det vorte teke opp om lag 400 kg røye og aure, i tillegg nærare 200 ålar. Vidare er det sett ut att 5-6 større kjø som alle har fått feittfinnen avklipt. Enn vidare gjekk det fem laksar i rusene, desse er alle med i fangstrappoten. K-faktoren vart målt ein gong – 3. juni – til 0,98, det er 0,01 mindre enn målinga i juni i fjor. Rapporteringa frå fangsten i Krokstadvatnet er ufullstendig, men ein av røktarane melder om 35 kg – det meste røye. K-faktoren er målt ein gong til 1,13 , for fire fiskar. Fisketeljar i Gygrefossen - vart montert 3. juni og tatt på land i desember. I løpet av denne tida er det registrert 198 passeringar. Evert Havn (Endesttad Samdrift) har stått for monteringa og avlesinga. Teljaren bør settast i drift att i april/mai mao i god tid før laksen kjem. Teljaren kosta i alt kr. 66 000,- inkl mva og montering. Av dette fekk vi kr. 33 000,- i Fiskefondsmidlar. Resten vart betalt slik: oppstraums Gygrefossen kr. 11 000,- , Osa–Vasset–Svardal kr. 11 000,- og Osen Gard kr. 11 000. Faglege møte: Jan A. Osa og Aslak Svardal deltok på seminar på Lillehammer, arrangert av Norsk Skogeierlag, om fisketurisme. Innlandsfiske-prosjektet i SFJ betalte den eine seminaravgifta og EOVH den andre. Årsmeldinga godkjend samrøystes.
|
















