| EOVH`09 – Referat frå Årsmøte `09 i Samlingsheimen, |
|
|
|
| Skrevet av OddA | |
| mandag 09. mars 2009 20:33 | |
|
Storebru torsdag 26.02.`09 kl. 1900 - 2115. Desse møtte med stemmerett: Sigmund Eimhjellen, Asbjørn Vågane, Evert Havn, Oddvar Endestad, Edgar Endestad, Arne Tonheim, Gunnvald Stegane (for Hilde Stegane), Asbjørn Sørdal, Helge Heimseter,Jan Osa og Aslak Svardal – som leia møtet.. Alle med fiskerett i vassdraget var inviterte/innkalla. Ved ein «glipp» hadde det vorte gløymt å kalle inn Flora og Gloppen kommunar, heller ikkje hadde sportsfiskelaga i Flora og Hyen vorte innkalla. Det kom ingen merknader til innkalling eller sakliste. Sakliste: Konstituering: Oppdatering av medlemsliste. Til no har 17 personar (inkl dei frammøtte) betalt medlemspengane for 2008. Jan Osa vart vald til skrivar, Helge Heimseter og Gunnvald Stegane til å skrive under møteprotokollen. Årsmelding 2008 – meldinga frå styret vart opplesen og godkjend samrøystes. Rekneskap/økonomisk oversyn 2008 vert lagt fram på møtet. Rekneskap med revisjonsmelding for driftskontoen og kortkontoen vart lagt fram av revisor, Edgar Endestad. Oversyn over prosjektkontoen med bevegelsane for 2008 vart lagt fram av leiaren, Aslak Svardal. Alt saman vart samrøystes godkjent. Driftsplanutkast – godkjenning. Samrøystes vedtak: Driftsplanen vert godkjend. Planen vert lagd ut på Eikefjord,nett. Ev. Merknader vil kunne takast med under revideringa på årsmøte `10. Arbeidsoppgåver `09 – vert lagt fram på møtet. Budsjett `08 – vert lagt fram på møtet. Arbeidsplan og budsjett samrøystes godkjende. Val. Leiaren i valnemnda, Arne Tonheim, styrde valet. Alle vala var samrøystes. Leiar: Aslak Svardal – eitt år -, pv: Asle M. Ellingsund. Styremedl.: Sigmund Eimhjellen – to år -, pv Elias Eimhjellen. Styremedl.: Lidvin Øyra – to år -, pv Evert Havn. Revisorar for eitt år: Kjell Humlestøl og Edgar Endestad. Valnemnd: Jakob Holme Eimhjellen, leiar, Helge Heimseter og Bjarte Liseth (ny). Gunnvald Stegane/s. Helge Heimseter/s.
|
















