Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Driftsplan 2009 - 2013 Vassdraget Osen - Vestre Hyen PDF Skriv ut E-post
tirsdag 03. mars 2009 00:04

1.   Innleiing
1.1 Historikk og bakgrunn
1.2 Organisering og driftsplanlegging
1.3 Målsetting
2.   Generell skildring av vassdraget
3.   Status for næring og rekreasjon
3.1 Fiskereglar og oppsyn
4.   Biologisk status
5.   Biologisk handlingsplan anadrom del
5.1 Biologisk handlingsplan innlandsfisk
6.   Handlingsplan for drift – næring og rekreasjon
7.   Lagsdrift/administrasjon
8.   Økonomi
9.   Sluttord
10. Litteratur

 


1. Innleiing.
1.1. Historikk og bakgrunn

Osen Vestre Hyen vassdraget er eit stort og mangfaldig vestlandsvassdrag som er unikt i sitt slag i Sogn og Fjordane.  Heilt frå siste del av 1800-talet har det vore besøkt av engelske sportsfiskarar som fiska frå Vasset til Osen. Vassdraget har vore brukt som matfat både når det gjeld røye, aure og anadrom fisk.
I 1970-åra vart det bygt laksetrapp i Gygrefossen, og ein rekna då med at vassdraget skulle verte lakseførande like til Sagefossen. Biologiske undersøkingar omkring år 2000 synte at der var lite og inkje anadrom fisk ovanfor utløpet av Endestadvatnet, so no er vassdraget klassifisert som lakseførande opp dit  - ovanfor gjeld innlandsfiskeloven fullt ut. I 70-åra vart elveeigarlaget Osen – Vestre Hyen der dei fleste fiskerettshavarane langs vassdraget melde seg inn. Laget har stått føre bygginga av laksetrapp  i Gygrefossen og ei  i Svardalsfossen samt  utsetjing av laks- og sjøaureyngel.

1.2 Organisering og driftsplanlegging
Driftsplanen for Osen Vestre Hyen vassdraget  skal vere retningsgjevande for både offentleg og privat forvaltning av elva. For å få til ei god forvaltning og godt samarbeid er det naudsynt med godt samarbeid og god dialog mellom dei som har interesser knytt til elva anten det er rettshavarar, offentleg forvaltning eller ålmenta elles.

Offentleg fiskeforvaltning er i det store og heile kanalisert gjennom Fylkesmannens miljøvernavdeling, og denne er tillagt oppgåver heimla i lover og forskrifter. Fylkesmannen skal mellom anna fastsette lokale forskrifter om fiske etter anadrom laksefisk, så vel som innlandsfisk,  og handsame søknader om løyve til ulike kultiveringstiltak. Fylkesmannen skal og overvake utviklinga til fiskebestandane og sjå til at desse vert bevart for framtida. Kommunen har og oppgåver knytt til områda i eller rundt elva og dette går på saker som arealdisponering med meir

Vidare set § 25 i Lakse og innlandsfiskelova krav om driftsplanlegging i vassdrag der dette sjåast på som hensiktsmessig, og dette er fiskerettshavaranes ansvar. Det har og i høve til dette vore eit offentleg mål at forvaltninga av utmarksresursane skal over på grunneigarnivå i løpet av 2006. I vårt høve tek nå grunneigarane i Osen- Vestre Hyen vassdraget det ansvaret og dei mulegheitene dette gir og lagar ein driftsplan for heile vasstrengen. Planen er utarbeidd for 5 år (2009 til 2013) og skal reviderast i løpet av utgongen av 2013. Etter at planen er godkjent og vedteke på årsmøte i laget er laget ansvarlege for oppfølging og drift i høve til gjeldande lover og forskrifter. 


1.3 Målsetting
Den overordna målsettinga med driftsplanen er det same målet som ligg til grunn for fiskeforvaltinga generelt, og dette er heimla i føremålsparagrafen i Lakse og Innlandsfiskelova som seier følgjende:
”Lovas føremål er å sikre at naturlege bestandar av anadrom lakse- og innlandsfisk og deira leveområde samt andre organismar i ferskvatn vert forvalta slik at naturens mangfald og produktivitet bevarast. Innafor desse rammene skal lova gje grunnlag for utvikling av bestandane med sikte på auka avkastning til beste for rettshavarane og fritidsfiskarane”

I hovudsak vil dette seie at ein skal fokusere på samanhengen mellom ei god biologisk forvaltning og næringsmessig utnytting av vassdraget og fiskeresursen.

For planperioden har ein følgjande delmål:
Auke produksjonen av anadrom fisk i vassdraget
Betre kvaliteten på innlandsfisken i vassdraget
Betre grunnlaget for næringsverksemd i vassdraget, både med omsyn til turistfiske og næringsfiske. Ein skal ha spesielt fokus på at rørslehemma skal få lettare tilgjenge til fiske i vassdraget
Utvikle samarbeidet med gardar/bruk som ikkje er med i EOVH - det gjeld særleg oppstraums Sagefossen og nedstraums Osvatnet, men også i Langedalen.
Arbeide for at dei som har fiskerett i vassdraget, vert medlemer i laget.

2. Generell skildring av vassdraget
Osenvassdraget er eit av dei større låglandsvassdraga på Vestlandet med eit nedbørsfelt på 288km2. Berre 1% av feltet ligg høgare enn 900 moh., og 33% ligg lågare enn 300 moh. Karakteristisk for vassdraget er dei mange lågtliggjande innsjøane med eit samla overflateareal på ca 24km2. I motsetnad til mange av dei større vassdraga på Vestlandet, som er prega av stabilt høg vassføring i perioden mai - juli på grunn av snøsmelting, er mykje av smeltinga i Osenvassdraget over i løpet av mai, resten av året er det nedbørsmengd og drifts av kraftstasjonane som avgjer vassføringa. Dei store innsjøane dempar flaumtoppane og utjamnar vassføringa nedover i vassdraget. Lågtliggjande felt nær kysten gjer at vassdraget vert tidleg oppvarma om våren, og det vert relativt høge temperaturar utover sommaren.

Osenvassdraget er regulert og Sagefossen kraftverk som utnyttar fallet mellom Eimhjellevatnet og Krokstadvatnet vart sett i drift i februar 1986. Fallet frå Storevatnet til Eimhjellevatnet vert utnytta til kraftproduksjon i Skogheim kraftverk som vart satt i drift tidleg i 1988. Gjennomsnittleg vassføring gjennom året er 22m3/s, etter reguleringa, og i konsesjonen for reguleringa er det fastsett ei minstevassføring på 3m3/s, målt ved Blåmannsvatnet (Saksegård mfl. 1992). I 1971 vart det bygd laksetropp i Gygrefossen mellom Vassetvatnet og Blåmannsvatnet, og i 1984 tropp i Svardalsfossen mellom Svardalsvatnet og Vassetvatnet for å gjere det lettare for fisk og kome seg opp vassdraget.


3.Status for næring og rekreasjon
Det kan kjøpast fiskekort langs vassdraget, bortsett frå nedstraums Svardalsvatnet der utleiga er privat. Det meste av vassdraget er ope for dei som vil drive sportsfiske.
Der er campingplass ved Storebru, i tillegg er der nokre utleigehytter/husrom i området.
Med mål om å auke produksjonen av anadrom fisk i tillegg til å betre kvalitet på innlandsfisk vil det måtte satsast sterkare på dette framover.

Osenvassdraget er spesielt i høve til fleire faktorar, og kan hende spesielt med omsyn til artsspekteret  i vassdraget. I Vestlandsk målestokk er det litt unikt at det i tillegg til anadrom fisk både er aure, røye og ål.

Dette gir mange bein å stå på i høve til lokal næringsverksemd. Både i forhold til turisme og næringsfiske.

Vassdraget er med i Innlandsfiskeprosjektet i Sogn og Fjordane, ein ventar hjelp frå dette prosjektet  til å auke den lokale utnyttinga av fiskeresursen.

Osenvassdraget ligg og sentralt til i høve til offentlege kommunikasjonsmidler med flyplass i både Førde og Florø og lett tilkomst med bil til store deler av vassdraget.

3.1Fiskereglar og lokalt oppsyn.
Det er ikkje vedteke andre fiskereglar enn det som står i Fylkesforskriften for fiske i Osenvassdraget. Det er heller ikkje etablert ordningar på lokalt fiskeoppsyn. Om framtida krev det skal det vurderast tiltak i høve til dette. Her er det naturleg å koble inn SNO  so sterkt som råd er, både med tanke på fagleg kompetanse og finansiering av opplegg.

4. Biologisk status
Rådgivande biologar gjorde i 2000 ferdig ein rapport på biologisk status i Osen vassdraget og under finn du utdrag av denne. Heile rapporten er lagt ved som vedlegg, sjå liste over vedlegg.

Nye berekningar indikerer at elvearealet for produksjon av laksesmolt utgjer om lag 320 000m2, fordelt på 260 000m2 i hovudelva, og 60 000m2 i Sørelva. Etter bygginga av laksetroppa i Gygrefossen vart produksjonsarealet for laksesmolt auka med 2,3 gonger. Det er tidlegare oppgjeve eit anadromt elveareal på 160 000m2 (Sægrov mfl.2000  Skurdal mfl.2001), altså berre halvparten av det dei nye berekningane indikerer. Den gong vart arealet berekna ved låg vassføring, men må likevel ha vore for lite. Det er fleire årsaker til denne skilnaden. Mellom Blåmannsvatnet og Storebru er det store elveloner, og det er usikkert om og i kva grad desse lonene er oppvekstområde for lakseungar. Vi har her valt å inkludera desse lonene i det totale smoltproduserande arealet i vassdraget. Arealet er berekna utifrå kart og flyfoto og er ved gjennomsnittleg vassføring, dvs full elveseng, som er den måten Hindar mfl.(2007) har brukt ved berekning av gytemål i 80 norske laksevassdrag.

Berenivået for produksjon av laksesmolt er anslagsvis 40 000, men dette kan vere for høgt. Anslaget er betydeleg høgare enn tidlegare anslag (Sægrov mfl.2001), men dette skyldast at vi her har brukt eit elveareal som er dobbelt så stort som i 2000. Det må understrekast at elvearealet er omtrentleg og at anslaga for smoltproduksjon er usikre fordi dei er basert på ein samanheng mellom tettleik av presmolt og vassføring i andre vassdrag. Det er svært vanskeleg å få eit representativt uttrykk for tettleik av presmolt i Osenelva på grunn av at de sjeldan er låg vassføring i elva, og at det er store areal med djupe parti der ein ikkje kan bruka fiskeapparat. Det er i andre elvar vist at det kan vere høg tettleik av ungfisk på slike parti. Berenivået for sjøauresmolt er også vanskeleg berekne på grunn av at mange sjøaure har hatt delar av oppveksten i innsjøane, men frå elvestrekningane går det ut anslagsvis 5000 sjøauresmolt. 

Ungfiskundersøkingar.
Den 15. april 2008 vart det gjennomført ungfiskundersøkingar på fire stader i hovudelva og to stader i Sørelva. I hovudelva vart det til saman fange 137 laks og 31 aure som gjev ein gjennomsnittleg estimert ungfisktettleik på dei fire stasjonane på 38,7 per 100m2. På dei to stasjonane i Sørelva vart det fanga 24 laks og 2 aure, ein gjennomsnittleg estimert tettleik på 14,5 per 100m2.

Gjennomsnittleg estimert presmolttettleik var 5,8 per 100m2 i hovudelva, med avriasjon mellom stasjonane på 1,5 til 9,7 per 100m2. Gjennomsnittleg vassføring i mai – juli var 17,7m3/s, og ut frå ein påvist samanheng mellom presmolttettleik og vassføring , var denne registrete tettleiken om ein tredel av det ein kunne venta. I Sørelva var gjennomsnittleg presmolttettleik 5,0 per 100m2, som er om lag 20% av teoretisk berekna.
I tillegg til årsyngel og 1+ vart det fanga ein 3+ laks, og årsyngel var den mest talrike aldersgruppa. Av aurane var det berre ein 1+, resten var årsyngel. Årsyngel og 1+ av laks var i snitt høvesvis 6 og 12 cm, årsyngel av aure var i snitt 7 cm. Det var ingen klar skilnad i alders- og lengdefordeling mellom hovudelva og Sørelva.

Det vart gjennomført ei tilsvarande undersøking hausten 1999/våren 2000. Samla ungfisktettleik i hovudelva var litt høgare i 2008 enn i 1999, men det var auka tettleik av laks og redusert tettleik av aure i 2008. I Sørelva var tettleiken av ungfisk strekt redusert i 2008 i høve til våren 2000, men reduksjonen gjaldt berre aure, tettleiken av laks var uendra. I 1999 var det om lag like mykje 1+ som årsyngel, i motsetnad til i 2008, då årsyngelen dominerte. Estimert presmolttettleik var dermed dobbelt så høg i 1999/2000 som i 2008, både i hovudelva og i Sørelva.

Skjelmateriale frå vaksen fisk.
Det er samla inn og analysert skjelprøvar av vaksen laks og sjøaure frå 1999 til no, både frå det ordinære sportsfiske, og frå overvakingsfiske etter rømd oppdrettslaks på hausten. Til saman er det motteke skjelprøvar frå 1018 laks, 345 sjøaurar og 192 regnbogeaurar fanga ved sportsfiske, og 252 laks, 29 sjøaurar og 189 regnbogeaurar fanga ved overvakingsfiske.

Andelen rømt oppdrettslaks i skjelmaterialet frå sportsfiske har variert mellom 0,9% i 2005 og 10,8% i 2007. Fram til 2003 var andelen rømt laks ca 6%, deretter var det fleire år med redusert innslag, før det kom ei kraftig auke i 2007. Utviklinga  Osenelva har vore om lag som det ein har sett i andre elvar på Vestlandet.

Av villaks var det til saman 44% 1- sjøvinterlaks, 46% 2- vintersjølaks, men andelane varierer ein god del mellom dei ulike smoltårgangane. Gjennomsnittleg smoltalder og –lengd var 2,3 år og 14,3 cm. Sjøaurane som vart undersøkt hadde vore 1 – 9 somrar i sjøen før dei var fanga, ved ei vekt på mellom 0,2 og 4,5 kg. Gjennomsnittleg smoltalder og –lengd var 2,6 år og 17,6 cm. Ein god del av sjøauren såg ut til å ha hatt ein del av oppvekstperioden i innsjøar i vassdraget før dei gjekk ut som relativt stor smolt.

Første års tilvekst i sjøen for villaks har variert mykje dei seinare åra, og laksen frå Osenelva følgjer stort sett det same mønsteret som laksen i ei rekke andre Vestlandselver som er undersøkt i same perioden. Det er påvist ein god samanheng mellom tilvekst første året i sjøen, og overleving, målt som fangst av smålaks året etter utgang som smolt. Dei rekordstore fangstane av smålaks i 2005 samsvarar med svært god vekst i 2004, og tilsvarande var det dårleg vekst og overleving for smoltårgangane frå 2001, 2005 og 2006. Den dårlege overlevinga i 2005 og 2006 er feles for laks frå heile landet og kan skuldast sviktande næringstilgang, truleg i tideleg sjøfase. Av smoltårsklassen frå 2004 er det blitt gjenfanga 356 laks, til samanlikningar det berre blitt fanga 58 laks av 2002 –årsklassen, og 64 av 2001 –årsklassen. Låg fangst av 1-sjøvinterlaks i 2007 indikerer at det også vil bli låg gjenfangst av smoltårsklassen frå 2006, anslagsvis 45.

Gytebestand og rekruttering.
Fangstane av laks har variert mykje i Osenelva dei siste 10 åra, med 2005 som eit desidert toppår. Det var også gode fangstar i 2000, 2001 og 2006. Samanlikna med laksefangsten i andre elvar i Sogn og Fjordane vart det fanga færre laks i Osenelva frå smoltårgangane 2001 og 2002, og fleire laks av 2003 smoltårgangen. For dei andre smoltårsklassane i perioden 1998 – 2004 følgjer fangsten i Osenelva den same tendensen som den totale elvefangsten av laks i Sogn og Fjordane. Dette viser også at fangstane gjenspeglar overlevinga i sjøfasen, og som kan variere med opp til 10 gonger i løpet av få år. Det er sannsynleg at gjenfangsten i elvane av smoltårsklassen frå 2006 vil bli minst 5 gonger lågare enn av smoltårsklassen frå 2004 på grunn av svært høg dødelegheit i sjøen i 2006. Dette om var tilfelle for dei fleste laksebestandane i Noreg i 2006.

Dersom ein tek utgangspunkt i den offisielle fangststatistikken, brukar generelle tal for beskatning, andel hoer i dei ulike storleiksgruppene og samla elveareal, kan ein få eit anslag over kor mange lakseegg som er gytt per m2 elvebotn. Det er føreslege eit gytemål på 2 lakseegg per m2 for å sikra full rekruttering. Berekningar gjort for Osenelva tilseiar at gytemålet berre vart nådd i 2005, medan eggtettleiken var heilt nede på 0,2 egg per m2 i 1998. For perioden 1993 – 2007 var gjennomsnittleg eggtettleik 0,8egg/m2, altså betydeleg dårlegare enn gytemålet. Det er ein positiv samanheng mellom eggtettleik eitt år og samla fangst av den smoltårgangen som var resultatet av den aktuelle gytinga. Dette indikerar at det har vore for lite gytelaks i Osenelva til å sikra full rekruttering fleire av åra sidan 1993.

Under føresetnad av normal beskatningarate i 2005, var det fleire gytarar i elva enn noko anna år i perioden 1993 – 2007. Likevel var det låg tettleik av 1+ i 2007/-08, som var resultatet av denne gytinga. Grunnen til dette er mest sannsynleg at det var metodisk vanskeleg å måle tettleiken av eldre lakseungar ved elektrofiske ved den aktuelle vassføringa på over 10m3/s i april 2008. På grunn av elvetopografien bør det vere svært låg vassføring i vassdraget under elektrofiske for å få pålitelege estimat på tettleiken av ungfisk. Fangsten av laks som stamma frå smoltårsklassen frå 2004 indikerar at det kan ha gått ut om lag 40 000 smolt dette året, og altså på nivå med anslaget for berenivå for vassdraget. Denne smoltårsklassen, som altså såg ut til å vere fullrekruttert, stamma i hovudsak frå gytinga i 2001 då berekna eggtettleik var på 1,5 egg/m2. Dette gjer det også sannsynleg at den låge tettleiken av presmolt som vart målt våren 2008 skuldast metodiske problem.

Det føreslegne gytemålet på 2 egg/m2 tilseier at det bør vere gytt 640 000 årleg i Osenvassdraget. For å nå gytemålet bør det vere nær 500 kg holaks i gytebestanden, og under normale omstende vil dette bli dekka av 85 laksehoer, fordelt på 60 mellomlaks og 26 storlaks. Samanstillinga indikerer likevel at eggtettleik over 1,5 egg/m2 kan vere tilstrekkeleg. 



Ein reknar med at innlandsfiskeresursen kan utviklast mykje med omsyn til kvalitet, og ein har starta utfisking av aure og røyr med storruse.  Det er og sett opp ein teoretisk oversikt over kor mykje fisk som bør fangast i kvart vatn for å oppnå ønskt kvalitetsforbetring – stipulert fangstmengde er 15 kg. pr hektar.

5. Biologisk handlingsplan anadrom del
Det er lagt opp slik at det er dei einskilde avsnitta i vassdraget som har det løpande ansvaret for drifta av det ein kan kalle eigen del av vassdraget. Dette er gjort fordi at ein skal sikre det lokale eigarskapet til planen i tillegg til å spare på administrasjonen i elveigarlaget. Det er vidare slik at utfordringane i dei ulike vassdragsavsnitta er mykje like, og ein lagar difor berre eitt skjema som kan brukast for alle avsnitta. Det vert vidare lagt opp til at arbeid knytt til kultivering av laksen vert lagt til elveigarlaget.

Tiltak Korleis Ansvar
Vegetasjon og kantsoner Gjere grunneigarar og rettshavarar merksame på kor viktig kantsonar og kantvegetasjon er for elva. Det er viktig at det er eit vegetasjonsbelte langs elva, men dette må stellast, og det må sjølvsagt vere rom for på ein planmessig måte å lage fiskeplassar. Tre og buskar er viktig i høve til å unngå erosjon og utrasing av elvebreidda, samtidig som dei gir mat og skjul for fisken, noko som og kan gje rom for fleire fisk Styret og kvar einskilde grunneigar
Sidebekkar Sidebekkar/elvar kan vere viktige plassar for produksjon av fisk Det skal arbeidast for at så mange som mogeleg av desse vert tilgjengelege for fisken. Om dette inneber fysiske inngrep skal det søkjast fylkesmannen om løyve med bakgrunn i driftsplanen. Grunneigarane må skaffe seg kunnskap om kor viktige sidebekkar/elvar er for fiskeproduksjonen

Styret og kvar einskild grunn-

eigar.

Predasjons-avgrensing Det skal organiserast jakt på dei artene det er sett opp jakttid på, og det skal opprettast dialog med Fylkesmannen om felling av arter det ikkje er sett opp jakttid på. Dette skal gjerast for å avgrense skaden deira predasjon vil gjere på den anadrome fisken i vassdraget. Styret
Fiske etter rømd oppdrettslaks Laget skal halde ved like ordningar på aktivt fiske etter rømd oppdrettsfisk for å minke skadane slike kan gjere på stammer av vill laks- og sjøaure Styret
Desinfeksjon av utstyr nytta i elva Sette opp informasjon om kva smitte er og korleis ein skal gå fram for å desinfisere utstyret ein skal nytte i elva. Det skal etablerast eit høveleg tal desinfiserings- stasjonar med informasjon langs vassdraget. Dette må gjerast i samråd med driftsavsnitta i vassdraget. Styret
Innsamling av data og rapportering av fangst Lage gode rutinar på innsamling av data knytt til fiske som tildømes art, vekt, lengd og skjelprøvar. Om det let seg gjere skal ein opprette ei ordning med rapportering av fangst dagleg Styret eller eige utval oppretta av årsmøte
Oppsyn Ein skal arbeide for eit tenleg tilsyn/oppsyn i vassdraget både når det gjeld fiskereglar, ureining ol. Ein skal arbeide for at storsamfunnet v/SNO engasjererer seg i dette so sterkt som råd er. Styret og SNO
Ungfisk-undersøkingar Laget skal arbeide for at det vert gjennomført regelmessige ungfiskundersøkingar td kvart 5. år. Målet med dette er å sjå om tiltaka ein gjer i høve til målet om auka produksjon virker. Det er vidare eit mål at ein i framtida kan gjennomføre slike undersøkingar med lokal kompetanse i laget. Styret, FM saman med fiskefagleg konsulent
Fisketrapper Det er bygt to laksetrapper i vassdraget – i Gygrefossen og Svardalsfossen. DNF er formell eigar av trappene, men EOVH må syte for tilsyn og vedlikehald. Styret saman med fiskfagleg kosulent

5.1 Biologisk handlingsplan for innlandsfisk (røye/aure og ål).

Denne tabellen er meint å gjelde for kvart avsnitt i vassdraget, utfiskinga skal gjennomførast i høve til tabellen. Det er eit lokalt ansvar å gjere dette.

Lokalitet

Areal i Hektar

Total biomasse i kg

Uttak i kg

Krokstadvatnet

205

3075

1538

Lykjebøvatnet

325

4875

2438

Endestadvatnet

345

5175

2588

Blåmannsvatnet

21

315

158

Vassetvatnet

275

4125

2063

Svardalsvatnet

85

1275

638

Tabell 1. Syner teoretisk produksjon og uttak av halve biomassen i dei 6 vatna i vassdraget

<;td width="115">

Beskriving av tiltak

Korleis

Ansvar

<strong>Gjennom-føring

Grunna for stor bestand av aure og røye er det naudsynt å drive utfisking av vatnet i høve til å skape betre tilhøve mellom nærings- og fiskemengd

Utfisking av vatna med storruse. Rusa må plasserast på gode fiskeplassar, og den skal tømast 1-2 gonger i veka

Det er eit lokalt ansvar å gjennomføre dette tiltaket i tråd med driftsplan og gjeldande lover og forskrifter. Sjølv om det er eit lokalt ansvar å gjennomføre tiltaket kan ein ta kontakt med EOVH, for hjelp til evt søknad om midlar i tilskotsapparatet

Det er eit mål at slike tiltak vert effektuert raskt. Det er likevel opp til grunneigarane i dette området å starte tiltake så tidleg som mogeleg. Rusa kan settast ut så fort isen har gått.

Innsamling av data frå utfiskingsprosjekt og fritidsfiske

For at ein skal kunne måle effekten av utfiskingstiltaket er det naudsynt å samle inn data om lengd og vekt på fisken, slik at ein kan bruke dette til samle rekne ut kondisjonsfaktor på fisken. Anadrom fisk som vert fanga i rusa skal settast ut igjen uskadd. Det skal rapporterast til EOVH etter endt sesong på tal fisk av dei ulike artane og gjennomsnittleg K-faktor.

Dei som fiskar med stang og anna reiskap i vassdraget,må rapportere fangsten den dei har fått løyve til å fiske hos, som so rapporterer vidare til styret i EOVH.

Det er eit lokalt ansvar å gjennomføre dette tiltaket

Innsamling av vekt og lengd skal gjerast gjennom heile fiskesesongen av dei som tømer rusa kvar gang denne vert tømd.

Rapport over totalfangst skal gis styret etter endt sesong

Tilrettelegging for fiske

Det skal i samarbeid med laget settast opp skilt langs vassdraget som beskriv parkeringsplassar, desinfiserings-plassar, kvilebuer osb

 

;

Det skal etablerast fiskestiar langs vassdraget som gjer dette tilgjengeleg på ein god måte

Dette skal og så langt det lar seg gjere vere eit lokalt ansvar.

Etter behov

 

;

 

6. Handlingsplan for drift, næring og rekreasjon

Tiltak

Korleis

Ansvar

Gjennomføring

Søknader om midlar til løyve, drift eller utvikling.

Om ulike tiltak krev det, anten lokalt i dei ulike avsnitta eller for heile vassdraget sett under eitt skal det arbeidast for at tilskotsordningar vert gjort kjende og nytta seg av. Dette gjeld og om det skal søkjast om løyve til ulike tiltak som krev det

Det er styret i laget sitt ansvar å lage slike søknader, men den einskilde grunneigars plikt å undersøke om det skal/må søkjast

Løpande eller ved behov

Samarbeid med gardar/bruk som ikkje er med i EOVH

- dette gjeld særleg oppstraums Sagefossen og nedstraums Osvatnet, men og Langedalen.

Osen Gard er ikkje medlem i elvaeigarlaget, men ein samhandlar om tiltak «til laksens beste». Dette har fungert greit og EOVH tek sikte på å halde fram med samarbeidet til OG ev melder seg inn i laget, noko som ville forenkle kuliveringsarbeidet.

Sameleis er det naturleg å arbeide for at Eimhjellevatnet vert med som driftseining.

Styret

Løpande

Næringsutvikling

Legge til rette for auka utnytting av fiskeresursen i lokalsamfunnet både som næringsfiske og fiske-turisme, vidare for rørslehemma både for fiske og overnatting.

I samarbeid med ”innlandsfiskeprosjektet” i SFJ skal det lagast eigen plan for produktutvikling, sal og marknadsføring.

Styret i laget og den einskilde rettshavar

+

Innlandsfiske

prosjektet.

 

Frå og med 2008

 

7. Lagsdrift og administrasjon.
vedtekter for EOVH       
8. Økonomi.
budsjett lagsdrift  -  drifta av laget er finansiert ved medlemspengar + ein sum som har vore utlikna langs vassdraget – siste år har det vore 1/3 frå Osen Gard, !/3 frå Svardal-Osa/Vasset og 1/3 oppstraums Gygrefosssen., so lenge som  mange av dei som har fiskerett, ikkje er medlemer, er dette ein måte å unngå alt for mange gratispasasjerar.
Prosjektfinansiering – ulike prosjekt har til no vore finansierte ved off. tilskot + eigendel. For prosjekt som kjem heile vassdraget til gode har eigendelen i det siste vore delt slik som tilskot til lagsdrifta. Prosjekt som kjem særleg ein avgrensa del av vassdraget til gode, har eigendelen vorte belasta denne delen – td vart rusene belasta ”kortkontoen”.
Ev. oppbygging av fond – kan vere nyttig, men tanken må bearbeidast.


9. Sluttord.
Driftsplanen gjeld for 2009 – 2013, og skal rullerast på årsmøtet i EOVH i 2014, men kan justerast årleg på årsmøta i laget. Arbeide med driftsplanen har vore gjennomført av ei arbeidsgruppe sett saman av representantar frå Flora og Gloppen kommune, ein representant frå NJFF- Sogn og Fjordane og styret i elveigarlaget. Utmarksavdelinga til Sogn og Fjordane Skogeigarlag Ba har ført planen i pennen………

10. Litteratur.
Møtebøker EOVH.
Vedtekter for EOVH.
Rapportar biologiske undersøkingar.
Engelske sportsfiskarar fortel.
«Menschen am Fjord» - filmklipp.
etc.


Aslak Svardal             Jan Atle Osa            Evert Havn

Einar Odne Øren        Sigmund Eimhjellen

Magnus Frøyen            Harald Kjær

Torgeir Eimhjellen                 Flora jeger og fisk   

Finn Olav Myhren