|
|
|
Skytetider: Dra pekeren over Skytterlagslinken til venstre og klikk på "Artikler Skytterlaget"
Skytedag i SteinhovdenTirsdag morgon i påskeveka trossa vi snø og glatte vegar og sette kursen mot Steinhovden skule. Det var sol, snø og regn om kvarandre, men som innbarka vestlendingar takla vi det. Etter litt rydding og rigging var gymsalen på skulen gjort om til miniatyrskytebane og moroa kunne begynne. Det vil sei. . . først var det teori og sikkerhetsreglar som skulle gjennomgåast, men etter litt sukking å stønning fra den yngre garde håpefulle skyttarar kunne vi gjere oss klare for dagens første skyteleksjon. No i dag var anlegget vekke og alle skulle lære å bruke reima på våpenet. Litt problematisk var det jo selvfølgelig i begynnelsen, men med litt hjelp av instruktørar klarte alle å holde slik at ein traff innanfor svarten på blinken. Men så var det jo det at ein skulle ligge iro, slappe av, puste riktig og passe på å ta skikkelig avtrekk samtidig. Alt dette hadde vi lært i teorien, og instruktørane maste om det omigjen og omigjen. Men då det blei gitt kommando ILD. . . nei då var alt gløymt. Etter mat var det ny skyteleksjon, og denne gangen blei det mykje betre skyting på samtlige. Alle fekk til å bruke reima skikkelig og poengsummen for kvar skive steig betrakteleg. Det gjorde og støynivået på skyttarane. Dagen blei avslutta med premiar og pizza og instruktørane var til tross for litt dårlig oppmøte, veldig fornøgde med framgangen hos alle som var med. Bilder frå dagen ligg på bildegalleriet Har du spørsmål om jegertreninga, kontakt:Steinar Tonheim mob: 917 92 209 e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Har du spørsmål om treninga for dei unge eller miniatyrskytinga, kontakt:Margunn Bakke mob: 992 45 754 e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Innbydingar og påmelding til stemner:www.skyting.net
Minner frå i fjorReidun Kristin Knapstad skaut det beste grunnlaget under samlagsmeisterskapen på bane i Holsen 17.-18. aug. 07. Med 98 poeng fekk ho dermed napp i grunnlagspokalen Landskytterstemne i Steinkjer: Det regnar, men alle følgjer spent med på samlagskytinga Nokre av jegarane våre (Bilde frå skyttarfesten 07) Ungdomsskyttarane
|





















