Share

Start: Fossheim - Storebu
Tid: 3 t opp / 2 t ned
Høgd: 165 - 574 - 763 m.
Lengd: 2 km - 5 km
Kartblad: Eikefjord 1118 II

Godt merka sti. Første delen opp på Veumstøylen er bratt.
Når det er lite snø er dette ein fin vintertur opp til Høgeheia og vidare til Torsvatnet. Vinden kan være bitande kald her oppe så ta med gode vinterklær.

Vanskegrad:

Høgenipa

merking-bla-vandrer      

God sti

 

     Endestadnipa

      merking-rod-vandrer

Rød pga høgde
meterane

 

Stien startar på vegen frå Storebru til Endestad. Rett etter Eikefjord Camping ser du ein påle med orange markering øverst. Dette er startpunktet på stien. Her er også plass til parkering av ein bil eller to.  

 

Så er det berre å ta beina fatt oppover. Her i starten er det bratt oppover og det fortset slik like til Velomstøylen.

Litt oppe i lia krysser ein stien som går til Endestad. Dette er sansynlegvis stien dei oppe i dalen brukte når dei skulle til Eikefjord i eldre tider før eldste brua på Storebru vart bygd. Det var då ei bru over elva i enden av Endestadvatnet.

Velomstøylen var i gamal tid støyl for bruk 59/3 på Endestad. Ingen kan huske at støylen var i bruk, men i eldre skrifter finn ein den igjen som Wilhelmstøylen. Wilhelm eigde garden på Endestad ei tid.

 veomstoylen

 

Stien fortset forbi støylen og vidare oppover lia. Ikkje fult så bratt heile tida, men nokre kneiker innimellom dreg pulsen godt opp.

Høgenipa kjem til syne ei god stund før ein kjem fram og er ein fin utkiksplass for turen vidare opp på Endestadnipa. Her er også godt utsyn opp Dalen og nedover mot Eikefjorden.
20140126-600-Hogenipa
Ein vindfull vintersdag er det kaldt her oppe. Ha med ekstra tøy i sekken

 

 

Ein fortset så innover og ned til Torsvatnet. Her kjem det sti opp frå Langedal - Langedalsstøylen. Dette er ei fin løype for returen til Storebru, men ein lyt gå eit godt stykke langs riksveg 5.

I vestenden av Torsvatnet er det ei demning. Torfinn Endestad fortalte at når dei opna demninga heldt det til tre dagars drift av kvenna nede på Endestad.

torsvatnet 

 

Ein fortset over denne elva og opp og så innover ovanfor vatnet. Ein må godt over halve vatnet innover før ein svingar opp og så ut ei skår. Ein fortset vidare oppover før ein rundar utover fjellet mot varden.  

 

Helt ute på nipa er det også laga ein liten varde og her er også laga eit fint bord ein kansitte og nyte nista som sikkert er like god som utsikta.

endestadnipa-varden

endestadnipa-utsikta

 

 

 Kart Endestadnipa-600

 

Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.

Copyright: Odd Asle Endestad

 

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

20171105-400-styrke.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com