Utskrift
Treff: 3393

Start: Litje Eikevik, Løkkebø
Tid: 1 t opp / 45 min ned
Høgd: 60 - 290 m.
Lengd: 2 km
Kartblad: Eikefjord 1118 II

Godt merka sti med orangefarga pålar.

Vanskegrad:

merking-bla-vandrer

God sti

Starten av løypa er godt merka på vegen mot Løkkebø. Ved ferista i Litje Eikevik er det sett opp skilt som viser starten på løypa.

Løypa går i lett terreng oppover og eit stykke oppe i den første lia kjem ein inn på stien frå Eikevika. Dette var stien dei dreiv dyra til støls på i eldre tider.

Litt lengre oppe nå ein krysse ei lita grov. Dette er ikkje vanskleg sjølv om det er litt nedbør. Like før støylen er det ei ny elv. Denne kan være vanskeleg å krysse ved stor vassføring. Stien skal med rett være rødmerka inntil ny bru over elva er klar.

20140601-250-tur
  20140601-625-oirastoylen

På Øyrastøylen står det eit sel. Her var det stølsaktivitet i mange år. Under krigen hadde Erik Havn, som hadde gard på Knapstad kyrene sine her. Seinare hadde Nils på Øyra dyra sine her.

Vidare er det merka tur herfrå til Nipevatnet på merka sti mellom Hovlandstøylen og Nordalsfjorden.

 

Oyrastoelen